Sentio legg fram fersk innbyggarundersøking i formannskapet

Arve Østgård frå Sentio presenterer i dag ei fersk innbyggarundersøking for formannskapet. Her finn du direktesending og lenke til presentasjonen.

Sjå Sentio sin presentasjon av funna i innbyggarundersøkinga her (PDF, 4 MB)

Sjå Arve Østgård sin presentasjon til formannskapet

Hovudresultat

Jamt over er det svært gode resultat for Kinn i borgarundersøkinga 2024. Den samla kommunevurderinga (62) er tilsvarande den for like store kommunar (storleik på 15.000-29.999 innbyggjarar) på 61 og resultatet i 2023 på 60. Total tilfredsheit (borgarskåren) er på 62, tilsvarande som resultatet i 2023 (61) og ikkje stor forskjell frå resultatet for like store kommunar (67). Kinn får ein skår på 53 for samlemålet tenestetilfredsheit og 53 på omdøme, begge to lågare enn gjennomsnittet for like store kommunar, på hhv 59 og 63, men begge resultata er tilsvarande som i 2023 på hhv 52 og 53. Det er ein tydeleg alderseffekt på disse spørsmåla, der dei eldste gir ein høgare skår enn kva dei yngre gjer og frå 50 år og eldre er ein meir tilfreds med både tenestene i kommunen og omdømet. Dei på mellom 30 og 39 år er minst tilfreds med tenestene og har dårlegast inntrykk av kommunen, etterfølgt av dei på 18-29 år.

Dei faktorane som har størst påverknad på kor nøgd ein er med kommunen som ein stad å bu og leve, er inntrykket av tilbodet og moglegheitene og kor tilfreds ein er med tenestene i kommunen samla sett. Faktorane som har størst påverknad på inntrykket respondentane har av Kinn (omdømet) er i kor stor grad ein synes det er enkelt å kome i kontakt med kommunen, like etterfølgt av inntrykket av helse- og omsorgstenestene. Det er eit svært godt resultat på spørsmålet om kor sannsynleg det er at ein bur i kommunen om 5 år, på 77. Detter ganske likt som i 2023 (79), og skilnaden til like store kommunar (70) er ikkje tydeleg nok til at det er statistisk signifikant høgare skår, men det er tydeleg at Kinn gjer det bra på tilhøyrsle til kommunen.