Rune Nordpoll er starta som assisterande kommuneoverlege

Rune Nordpoll er tilsett som assisterande kommuneoverlege i Kinn kommune. Han starta i stillinga den 15.04.25.  Nordpoll er spesialist i psykiatri, allmennmedisin og samfunnsmedisin.

Han vil ha det overordna ansvaret for legetenesta i institusjonane, samfunnsmedisinskfagleg rådgjeving og fortsette som fastlege ved Måløy legekontor. Stillinga som assisterande kommuneoverlege er organisatorisk plassert i staben strategi og samordning. Vi ønskjer han velkomen og lukke til!