Revitalisering Florø kulturhus - spørjeundersøking

Florø kulturhus står framfor ei viktig utvikling, og no inviterer vi til brei medverknad gjennom ei ny spørjeundersøking som du finn i denne artikkelen.

Gå til spørjeundersøkinga her (Forms)

Vil utvikle framtidas Florø kulturhus – ber om innspel frå lag, organisasjonar og aktørar

Kulturhuset har i mange år vore ein sentral møteplass i byen – for kultur, arrangement og ulike offentlege funksjonar. No ønskjer kommunen å sjå på korleis bygget kan utviklast vidare, slik at det i større grad møter framtidas behov.

– Vi ønskjer å skape eit levande, ope og attraktivt kulturbygg med plass til fleire aktivitetar og brukargrupper, og med betre samspel mellom funksjonane i huset, heiter det frå kommunen.

Målet er at Florø kulturhus i framtida skal vere ein stad som inviterer til aktivitet, møte, skaparglede, læring og opplevingar – for alle aldersgrupper.

Treng innspel frå brukarane

Som ein del av arbeidet er det no sendt ut ei spørjeundersøking retta mot organisasjonar, lag og profesjonelle aktørar. Kommunen ønskjer innspel både frå dei som brukar huset i dag, og frå dei som kan vere aktuelle brukarar i framtida.

Det er ikkje berre dagens situasjon som er i fokus. – Vi er like opptekne av kva kulturhuset kan bli, som av korleis det fungerer i dag.

Kommunen ber mellom anna om innspel på behov, ønskte aktivitetar, rom og kvalitetar, samt korleis kulturhuset kan leggje til rette for meir samarbeid og nye møteplassar.

Viktig grunnlag for vidare arbeid

Innspela frå undersøkinga vil vere eit viktig grunnlag i det vidare arbeidet med å forme framtidas Florø kulturhus.

Arbeidet blir gjennomført i samarbeid med arkitektane Ann-Kristin Strømmen frå Salt Arkitekter og Tore Hillestad frå Xform, som bistår Kinn kommune i utviklingsprosjektet. – Vi håpar så mange som mogleg tek seg tid til å svare, slik at vi får eit godt og breitt kunnskapsgrunnlag, seier dei.