Kinn kommune oppnådde positivt netto driftsresultat på 34,7 mill. kr. i 2025. Resultatet er betre enn venta og kjem av auka fokus på økonomistyring, færre område med meirforbruk og større inntekter enn budsjettert. Inntektene som aukar knyter seg til skatt og statlege refusjonar for oppgåver innan omsorg. På utgiftssida har vi hatt lågare utgifter til pensjon. Netto driftsresultat kjem ut med 1,58%, lågare enn tilrådinga på 1,75%.
Fondsavsetning
Ved utgangen 2024 hadde Kinn kommune eit bufferfond på 44,7 mill. kr. Vi kan no auke dette med 30,5 mill. som fylgje av årsresultatet i 2025. Fondet utgjer då 75 mill. kr., noko som er 3,4 % av driftsinntektene. Kommunestyret har målsett at bufferfondet bør vere på 8 %.
Resultatforbetring
Tenestene kom samla ut med eit mindreforbruk. Det har vore jobba bevisst med omstilling, budsjettilpassing og område med ubalanse. Leiarar, tillitsvalde og medarbeidarar har gjort ein god jobb for å oppnå den resultatforbetringa vi no ser. Gjennom året rapporterte vi gradvis betre balanse, og rekneskapen stadfesta dette til slutt. Kommunestyret har fokusert på at økonomistyringa må bli betre og har gjort nødvendige vedtak for endring.
Framleis område med manglande samsvar mellom budsjett og rekneskap
Vi har framleis område med manglande samsvar mellom budsjett og faktisk driftsutgiftsnivå. Dette må vi jobbe med i 2026. Sjølv om vi hadde få avvik samla sett, er det område vi må forbetre oss på.
Det vanskelegaste ligg føre oss!
Vi budsjetter med stor auke i lånegjelda. Ved utgangen av 2025 hadde vi 3,4 mrd. lånegjeld. Det vedtekne investeringsprogrammet til 2028 krev innsparingstiltak for å dekke inn auka finanskostnader. I perioden fram til 2028 skal vi fullføre investeringar i Albertatunet, Skram skole, brannstasjon i Florø, rehabilitering av Florø barneskole og Gate 1 i Måløy. I perioden 2022 til 2028 kjem vi nesten til å doble rente- og avdragskostnadene. Dette utgjer kring 150 mill. kr. Vi ser no at prisstigning på bygg- og anleggtenester aukar. Denne faktoren kan gje oss høgare kostnader i gjennomføringsfasen.
Demografiendringar vil gje oss auka kostnader
Vi skal omstille oss i forhold til demografiutviklinga. Vi får færre inntekter på grunn av færre barn og vi må auke innsatsen til helse og velferd som følgje av fleire oppgåver og auka tal eldre i befolkninga. Dette er særs krevjande og representerer store utfordringar.
Reduksjonar i inntekter frå havbruksfondet
I samband med handsaming av økonomiplan 2026-2029 vart det synleggjort usikkerheit knytt til inntekter frå havbruksfondet. For inneverande år må vi truleg redusere inntektene vesentleg i høve tidlegare års inntektsnivå. Manglande avklaring på korleis gjennomføre sal av konsesjonar til havbruk i 2026 og risiko knytt til vilkår for tildeling av framtidige konsesjonar er årsaka til nedjustering av inntekter.
Utfyllande informasjon i slutten av mars
Årsrekneskapen vert no oversendt til revisor. Vi vil informere nærare om årsrekneskapen i formannskapet 24. februar og kommunestyret 5. mars. Utfyllande informasjon om driftsåret 2025 kjem i årsrapporten som vert lagt fram i slutten av mars.
Øyvind Bang-Olsen
Kommunedirektør