Resultat frå spørjeundersøking i september

Første og andre veka i september gjennomførte Sentio Research ei ny spørjeundersøking knytt til samfunnsplanarbeidet. Føremålet var å kartlegge kva innbyggarane meiner om viktige tema i samfunnsplanen som då låg på høyring. Tusen takk til alle som deltok!

Les rapporten frå spørjeundersøkinga i september (PDF, 3 MB)

Litt om utval av personar

Undersøkinga vart sendt ut til totalt 4198 personar i kommunen.  Av dei vart 4000 trekt tilfeldig, og 198 har tidlegare meldt interesse i å delta i eit panel som får spørjeundersøkingar frå Kinn kommune. Samla sett var det ein svarprosent på 23 prosent og 962 svar. Alle spørsmål har vore frivillig å svare på og tal svar vil difor variere.

Inndeling av spørjeundersøkinga og opne svar

Spørjeundersøkinga var delt inn i ulike tema, med påstandar respondentane skulle rangere på ein skala frå 1 til 5 - der 1 er “Heilt ueinig” og 5 “Heilt einig”. 

Rapporten er også delt inn tematisk på følgande måte:

  • Ting ein sjølv kan gjere for å betre lokalsamfunnet
  • Erstatning av kommunen sitt omsorgstilbod
  • Levande byar
  • Bustadar
  • Skulestruktur
  • Framtidsretta forvaltning av areala

Til slutt i spørjeundersøkinga kunne respondentane svare på nokre opne spørsmål:

  • Korleis kan du tenke deg å bidra i ditt lokalsamfunn?
  • Kva kan innbyggarane gjere for at Kinn skal bli ein meir attraktiv kommune?
  • Kommunen er avhengig av arbeidskraft i åra framover. Korleis kan vi både tiltrekke oss nye arbeidstakarar og halde på dei som bur her?

Vi ønskjer å takke alle som deltok og tok seg tida til å svare!