Reglement for bruk av ordførarkjedet er vedtatt

Ordførar Bengt Solheim-Olsen brukte ordførarkjedet for første gang den 8. mai i år. No har kommunestyret vedteke eige reglement for bruk og forvaltning av kjedet. Ordførarkjedet er eit viktig symbol for kommunen, og skal brukast i offisielle og høgtidelege situasjonar.

Det første punktet i reglementet seier at når ordførarkjedet ikkje er i bruk skal det vere forsvarleg oppbevart i skap med lås på rådhuset, og skal elles transporterast med koffert. Kommunen har ansvar for at det er forsikra, vert reingjort og vedlikehaldt. Oppbevaring skal skje på trygge stader. Reglane og informasjon om utforming og symbolikk finn du nedanfor bildet.

Ordførar Bengt Solheim-Olsen står framfor våpenskjoldet til kommunen i dress med ordførarkjedet på - Klikk for stort bilete Kinn kommune

Reglar for bruk av ordførarkjedet

Bruk av kjedet I tillegg til skjønn, gjeld denne rettleiinga: 

  1. Intensjonen er at ordførarkjedet skal symbolisere verdigheita til kommunens fremste representant i høgtidelege samanhengar. 
  2. Kjedet kan nyttast når ordførar representerer Kinn kommune, t.d. ved tilstellingar der kommunen er vertskap, innviing av offentlege anlegg, overrekking av utmerkingar, kommunale vigslar. 
  3. Kjedet skal nyttast når ordførar representerer Kinn kommune ved offisielle og høgtidelege besøk til kommunen. 
  4. Kjedet kan nyttast av varaordførar når denne er stadfortredar til ordførar.
  5. Kjedet skal ikkje berast ved ordinære kommunestyremøte. 
  6. Kjedet skal berast og overrekkast ved skifte av ordførar. 
  7. Kjedet skal berast utanpå pent og korrekt antrekk. Val av fargar, kle, smykke, slips o.l. må tilpassast kjedet. Kjedet kan brukast utanpå bunad. 
  8. Kjedet skal normalt ikkje berast saman med uniform. 
  9. Kjedet skal normalt ikkje berast saman med dekorasjonar, ordenar, medaljar, utmerkingar og liknande. 
  10. Kjedet skal berast slik at det balanserer på skuldrane, med like mykje vekt bak som framme. 
  11. Kjedet skal ikkje nyttast på arrangement i andre kommunar dersom dette ikkje er avklart på førehand med ordførar i vertskommunen.

Utforming og symbolikk

  1. Kommunevåpen midt framme og midt bak på kjedet. Kommunevåpenet er eit abstrakt symbol på baugen av ein båt, og kan førestille ei bølgje, ei klippe, ein spydspiss. Fargesetting i tråd med fargekodar vedteke for Kinn kommune. 
  2. Sild. I 1860 fekk Florø bystatus på bakgrunn av den store aktiviteten sildefisket i området skapte, og var senter for sildefisket både på 1800-talet og i 1950-åra. Både Florø og Måløy med omegn er grunnlagt på silda, og fiskeri utgjer ei viktig næring også i dag. 
  3. Fyrtårn. Vår kommune skal vere den i landet med flest fyrtårn: Stabben, Kinnesund, Ytterøyane, Kvanhovden, Kråkenes, Hendanes, Ulvesund og Skongenes. På kjedet er det Skongenes fyr som er valt ut. Fyrtårn er symbol håp, å gje retning, og representerer kulturarven men også ny aktivitet. 
  4. Kinnaklova. Klova har ein særmerkt fjellformasjon, og er eit kjent seglingsmerke langs skipsleia. 
  5. Båtpropell kan representerer både kulturarv og næring, og er symbol for det maritime og det marine, i fortid, notid og framtid. 
  6. Hjort frå Ausevik. Hjortemotiva er dei mest kjende på helleristningsfeltet. Dette dyret hadde ein viktig plass i jaktkulturen og representerer 4000 år gamal kulturarv og er eit symbol på historia vår. 
  7. Solnedgang. Det er mange nydelege solnedgangar vest i havet. "Solen” av Edvard Munch er inspirasjon og representerer mellom anna livskraft og idérikdom. 
  8. Tønne. Tønneproduksjon har vore ei viktig næring både i Eikefjord og på det freda anlegget Hagevik tønnefabrikk i Måløy. Her er det framleis produksjon av tønner. Tønner er også eit viktig element i det faste opptoget Kjippen i Florø ved midnatt nyttårsaftan, ein tradisjonen ein kan seie tek fortida inn i notida. 
  9. Kannesteinen. Denne steinen har blitt forma av bølgjer, is, steinar, og er slipt med vassbevegelsane. Steinen er ein særmerkt naturformasjon og som tiltrekker seg mange besøkande. 
  10. Skjønn er du by” også kalla “Sang til Florø” med tekst av Theodor Engebø og melodi av Julius K. B. Woldsdal. Notane er eit symbol for kulturlivet.