Rådmannen sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bileteRådmannen sitt fredagsbrev.

Kvar veke skriv rådmann Terje Heggheim om veka som har gått.

Takk til dokumentsenteret

Påska er over, men kampen mot koronaviruset held fram. Vi hadde eigen beredskap i påska. Ein del av den gjekk ut på å sikre at post og meldingar frå sentralt hald vart sendt ut i organisasjonen. Difor hadde dokumentsenteret i Kinn eiga vakt som gjorde nettopp det. Då kunne alle i beredskapsleiinga halde seg oppdatert på alt som kom frå sentrale myndigheiter. Det gjorde oss også i betre stand til gripe fatt i ulike driftsutfordringar dei første dagane etter høgtida.

Medan andre stort sett hadde fri og feira påske på ein noko tilpassa måte, gjorde dokumentsenteret ein framifrå jobb og sikra resten organisasjonen den naudsynte informasjonen. Det er greitt å vite at denne sentrale funksjonen såleis kan fungere i seinare og andre krisesituasjonar. Takk!

Kinn med i Helsedirektoratet si referansegruppe

Før påske fekk vi ein førespurnad frå Helsedirektoraet (Hdir) om å ta del i ei referansegruppe saman med åtte andre kommunar i Norge. Direktoratet ønskjer å få råd om ulike spørsmål som dei tek opp i vekentlege møte med kommunane. Spørsmåla er knytt til koronasituasjonen og vi er spurde om å kunne vere med fram til sommaren. Vi svarte sjølvsagt ja.

Frå Kinn deltek kommuneoverlegen, kommunalsjefen for helse og velferd og rådmannen. Vi ser positivt på ein slik invitasjon og skal gjere vårt beste for å bidra på ein positiv måte. Bonusen kan vere at vi får tidleg tilgang til informasjon om moglege nye tiltak, og då kan vi førebu oss endå betre på det som kjem.

Markeringar i mai

I dag gjorde beredskapsleiinga i Kinn vedtak om markeringar i mai. Med bakgrunn i regjeringa sitt vedtak om forbod mot kultur- og idrettsarrangement og avgrensingar i tal på personar som kan opphalde seg saman, vert det ikkje høve til å gjennomføre 1., 8. og 17. mai slik vi tradisjonelt gjer det. Ordførar, varaordførar og rådmannen (kommunalsjef for samfunn, kultur og miljø) vil ta initiativ til dialog med komitear og grendalag om alternative markeringar.

Søkjer næringsmidlar

Vestland fylkeskommune har lyst ut midlar til innovasjon og næringsutvikling. Begge næringsselskapa i Kinn kommune, Aksello og Måløy Vekst, har sendt inn gode søknader til denne utlysinga. Aksello med eit prosjekt for strukturering og samskaping innan næringsutvikling på kysten, og Måløy Vekst med søknad om støtte til «SmartBy Måløy». Begge desse prosjekta er innovative og framtidsretta, med ei rekkje samarbeidspartar, og har som mål å utvikle både samarbeidet på kysten og sentrum lokalt i Måløy.

Aksello sin beredskapstelefon for næringslivet

Aksello har i høve Covid19-situasjonen bistått næringslivet med råd og oppfølging.

Hittil har dei hatt over 20 førespurnadar gjennom beredskapstelefonen og e-post. I tillegg har Aksello kontakta direkte alle som har vore gjennom systemet via førstelinjetenesta og inkubatoren.

Opning av barnehagar

Kinn følgjer regjeringa sine føringar om opning av barnehagane. Det er krevjande. Om vi både skal følgje forholdstalet mellom vaksne og barn, samstundes ivareta smittevern, er vi nøydde til å ha avgrensa opningstider. Elles går det ikkje i hop. På ei anna side vil tilsette med kritiske samfunnsfunksjonar ha behov for å levere borna når arbeidstida deira startar. Det gjeld spesielt tilsette innan helsestellet.

Difor vil vi etter ei streng vurdering gjere unntak for den gruppa. Barnehagane vil vere i dialog med foreldra om det. Eg veit at både styrarar og tilsette vil gjere alt dei kan for å få dette til. Skular og barnehagar har så langt levert framifrå tenester i ei vanskeleg tid. Å gradvis opne for normal drift samstundes som vi skal tenke smittevern og forholdstal, kan rett og slett bli ei utfordring. Difor vil vi vurdere ordninga på ein grundig måte, alt i den første veka. Sjå heimesida til kommunen for oppdatert informasjon.

Neste veke

Barnehagane opnar måndag. Måndag og tysdag er det kommunestyremøte. Torsdag er det møte i formannskapet. Beredskapsleiinga har møte fredag.

God helg!

Terje Heggheim
Rådmann