Rådmannen sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bileteKinn kommune

Kvar veke skriv rådmann Terje Heggheim om veka som har gått. Vi ønskjer på same tid alle ei riktig god påske!

Responsen på telefonane våre

Som de veit har vi etablert nokre ekstra telefonar i situasjonen vi har no. Den ordinære sentralbord-funksjonen melder om normal trafikk no. Det er stort sett spørsmål knytt til reisereglar, om dei kan reise på hytta og liknande. Det er mange spørsmål som gjeld betaling av faktura, feil på faktura og utsetting av betaling.

Frivilligtelefonen som innbyggarane kan ringe om dei treng praktisk hjelp har fått i overkant av 20 innmeldingar for behov. Det kan likevel sjå ut som denne telefonen blir nytta til fleire føremål. Nokre har spørsmål om helse. Dei vert ruta vidare til helsetenesta. Andre igjen er bekymra for noko dei observerer i nabolaget. Desse er ruta vidare til dei kommunale tenestene. Telefonvakta her har også svart på spørsmål som gjeld karantene. Det er sju som har stilt spørsmål om praktisk hjelp, til dømes handling, apotek, reinhald i bustad og liknande.

Det er stort sett innbyggarar frå byane som har ringt. Dei som bur i distrikta og øyene har så langt ikkje nytta tilbodet. Det er også langt fleire frå Florø som nyttar tilbodet enn dei som bur i Måløy.

Førebur investeringsprosjekt

Vi har fått signal om at regjeringa vil kome med midlar som kommunane kan nytte til investeringar. Kommunale investeringar vil vere med på å få samfunnshjula i gang når situasjonen blir normal. Kinn har vedtatt eit omfattande investeringsbudsjett for åra som kjem. Dette er i hovudsak større prosjekt som krev omfattande planlegging og med strenge reglar til innkjøp og utlysing kopla til seg. Det er også mindre prosjekt som kan eigne seg for raskare igangsetting.

I tillegg har vi no gått fleire runder i administrasjonen der vi ser på andre prosjekt som utan omfattande prosessar kan eigne seg for tidleg igangsetting, såkalla gryteklare investeringar. Vi har lokalisert ein god del slike. Difor vil vi legge fram ei sak til det første formannskapet for å få tilslutning til å melde desse investeringane inn. Vi er usikre på korleis tildelinga vil skje, men det viktige er at vi har sakshandsama det på ein god måte, og at vi som kommune er klar den dagen vi får høve til å spele inn tiltaka.

Kva med 8. og 17.mai?

Vi får mange spørsmål om korleis koronasituasjonen vil påverke 17. mai-feiringa i år. Det korte og rette svaret; vi veit ikkje. Vi reknar med at regjeringa vil kome med føringar om dette etter påske. Vi veit at dei planlagde arrangementa for frigjeringa og den internasjonale veterandagen, 8. mai ikkje vert gjennomført som planlagt. Det kan sikkert variere frå kommune til kommune, men vi ventar til over påske før vi kan informere meir om dette.

Kommunen og hytteforbodet

Mange ringer og spør om hytteforbodet som regjeringa har innført. Du kan ikkje overnatte på hytta dersom den ligg i ein kommune du ikkje er folkeregistrert i. Enkelte søker også kommunen om dispensasjon. Kommunen har ikkje høve til å gi slike dispensasjonar. Det er regjeringa sitt vedtak – og eg trur ikkje det vil hjelpe å sende søknaden dit heller. Kommunen sitt einaste svar på slike spørsmål er at vi rettar oss til det regjeringa har bestemt.

Avgrensa bruk av idrettsanlegg

Norges idrettsforbund og Helsedirektoratet kom i dag med informasjon om avgrensa bruk av idrettsanlegg. Det skal vi sjølvsagt følgje i Kinn også. Vi må først sette oss inn i dei nye retningslinene og deretter informere dei aktuelle brukarane. Følg difor med på kommunen si heimeside om korleis vi legg til rette for dette i Kinn.

God påske!

Dette er det siste fredagsbrevet før påske. Beredskapsleiinga vil vere operativ i heile påska og møtast om det blir behov for det. Vi følgjer eigen plan fram til 13. april.

Eg vil takke alle for innsatsen i ei vanskeleg tid – så langt. Eg vil spesielt takke alle dei som skal arbeide i helse- og velferdstenestene våre no i påska. De er alle våre heltar!

God påske!

Terje Heggheim
Rådmann