Rådmannen sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bileteRådmannen sitt fredagsbrev kan du lese nedanfor.

Kvar veke skriv rådmann Terje Heggheim om veka som har gått. 

Nye arealplanleggarar

Eg har tidlegare skrive om dei mange søkarane til planleggarstillingane vi hadde lyst ut. No har vi tilsett. Dei to nye arealplanleggarane er Kristian F. Adolphsen og Jannicke Svendal.

Kristian har bachelor i arkitektur frå BAS, han har siste åra arbeidd som frilansarkitekt i Måløy og vil ha kontorstad der. Janicke har tidlegare arbeidd i Flora kommune og kjem no frå ei stilling i iVest Consult AS der ho har drive mest med arealplanar og vegplanlegging. Ho har lang erfaring både frå offentleg og privat sektor. Ho vil ha kontorstad i Florø. Eg gratulerer så mykje og ønskjer velkomen til spennande oppgåver i Kinn kommune. Vi har mykje å ta fatt i. Lykke til!

Breiband til heile kommunen

Vi veit at delar av den nye kommunen vår ikkje har dekking på breiband. Det held ikkje. Situasjonen no viser oss klart at breiband burde vore høgre prioritert slik at alle i kommunen kan nå kvarandre. Det gjeld både ut frå eit beredskapsperspektiv og ikkje minst ut frå kva vi vil vere tent med.

Det er veldig krevjande for enkelte lærarar som skal undervise elevar heime over nettet – og nettet ikkje er der. Eg vil difor starte arbeidet med å skaffe oss grunnlaget for kva som skal til for å få heile kommunen opp å gå på breiband. Så vil det heilt sikkert bli eit spørsmål om prioritering frå dei folkevalde si side, men eg trur alle ser at dette må på plass. Vi snakkar om neste praksis og likskap for alle i kommunen vår.

Dugnad – takk til næringslivet!

Alle opplever situasjonen no som vanskeleg. Den krev mykje av oss. For å førebu den toppen som vi veit vil kome, spesielt for omsorgssektoren, er tilgangen på smittevernutstyr heilt nødvendig. Tilbakemeldingane frå sentrale styresmakter har til no vore at det er avgrensa tilgang på slikt materiell. Det er usikkert når vi kan forvente at det kjem inn nye leveransar. I jakta på meir utstyr tok kommunen difor kontakt med dei lokale verksemdene som vi veit bruker slikt materiell. Om

dei kunne hjelpe oss. Vi opplever positive og imøtekomande verksemder. Vi har no fått auka lagermengde av munnbind, hanskar, eingongsfrakkar/ dressar, maske og liknande.

Som rådmann ønskjer eg å rette ei stor takk til alle som har bidrege. Tusen takk!

Å planlegge no er som å sjå ut eit doggvått vindauge

Vi går no inn i ein ny fase av koronapandemien. Så langt har fokuset vore å hindre smitte. No har vi smitte i Kinn. Vi skal framleis gjere det vi kan for å hindre smitte, men samstundes må vi begynne å ta oss av dei sjuke som treng det. Å hindre smitte er framleis prioritert. Difor gjeld dei nasjonale reglane om at dersom du er sjuk skal du halde deg heime til du er frisk, pluss ein dag. Difor skal du framleis prioritere handhygiene og skjerme hosten og nyset ditt.

Kommunen vil oppleve ein enda meir krevjande kvardag fordi fleire av oss vil bli sjuke. Så langt har vi ikkje byrja disponere dei tilsette på tvers av sektorane, men vi kartlegg og planlegg med det. Det er gjort klar fullmakt som legg til rette for slik disponering.

Skular og barnehagar held vidare stengt. Vi skal halde fram med å gi tilbod til dei som har foreldre med kritiske samfunnsfunksjonar og barn med spesielle behov. Det gjer vi, og eg opplever at alle stiller opp med fleksible og gode løysingar.

Eg vil rose alle tilsette i kommunen som gjer ein eineståande jobb i desse dagane. Eg veit det er mange som kjenner på noko no. Angst, redsel og frykt kan vere dekkande omgrep for dei kjenslene. Det er ikkje formaningar frå kommuneleiinga som kan gjere noko med det, men du skal vite at vi støttar deg, forstår deg og ser deg. Det er frå no av helsepersonellet vert sett på dei store prøvene. Det er frå no av og utover vi ser om vi som kommune meistrar situasjonen.

Beredskapsplanane har vore dekkande så langt. Vi veit kva typer oppgåver vi skal gjere vidare også, men vi veit ikkje omfanget av dei. Om avdelingane vi har oppretta er store nok, om det er nok personell, kor mange tilsette blir sjuke, kjem det nye nasjonale reglar? Å planlegge no er som å sjå ut eit doggvått vindauge.

Vi gjer likevel vårt beste. Det er takka vere din heilt spesielle innsats.

God helg!

Terje Heggheim
Rådmann