For ei veke
Delar av rådmannsgruppa sat samla førre torsdag og skulle følgje regjeringa sin pressekonferanse som starta kl. 14.00. Vi skjønte at noko var i emne, men ikkje omfanget. I løpet av nokre minutt den ettermiddagen fekk vi ordre om å omorganisere det meste av det ein kommune driv med.
Barnehagar og skular skulle stenge. Vi skulle stenge kulturhus og idrettsanlegg. Det same med biblioteka. Innbyggarane skulle ikkje få møte kvarandre og alle arrangement vart difor avlyst. Helsepersonell fekk utreiseforbod. Kva var kritiske samfunnsfunksjonar og kven hadde slike? Vi innførte heimekontor og stengde fleire og fleire dører inn til kommunen. Sentralbordet var ope den første helga, samstundes som styrarar, rektorar lærarar og tilsette i barnhagane la planar for å drifte noko vi ikkje var sikre på.
Det vart innført karantenereglar og kollegaen som hosta på ekspressbåten på veg heim frå Bergen, vart tatt ut av personelldisponeringa. Utfordringane vart fleire. Vi samarbeidde med Røde Kors om å varsle reisande på buss, fly og båt. Kvardagen vart brått endra for alle. Dei folkevalde måtte få kunnskap om situasjonen i Kinn, og det vart gjennomført to møte i politiske organ den første veka. Vi planlegg med kommunestyre som fjernmøte i neste veke.
I samarbeid med frivillige er det oppretta to ekstra telefonliner for innbyggarane. Ei av dei er der om du berre treng nokon å snakke med. I samarbeid med Aksello er det oppretta liknande telefonordning for næringslivet.
Vi skal korkje vurdere eller dømme over noko resultat no. Vi står framleis i startblokkene. Det er likevel lov å reflektere.
Medan telefonar og e-postar i byrjinga av veka handla om spørsmål og uttrykk for det utrygge, har eg dei siste dagane fått henvendingar med anna innhald.
Eg opplever foreldre som vil takke for at skulane i løpet av nokre dagar førre helg gjorde seg klare til å gjennomføre fjernundervisning frå måndag. Dei fortel om gode og realistiske opplegg. Dei observerer lærarar som driv fjernundervisning med eigne born i heimen - som dei også skal ta seg av.
Foreldre med barn i barnehagane melder at dei møter styrarar og tilsette som er imøtekomande og er med på å finne fleksible løysingar.
I dag snakka eg med nokre tenesteleiarar i helse og velferdssektoren. Dei fortalde meg om korleis dei ulike problemstillingane utfordrar dei som leiarar. At vi ikkje har ei oppslagsbok med fasitsvar. At ingen utfordringar er like. At nokon etter ei vurdering kan få svaret nei, at andre får ja. Likevel opplever vi at alle vil gjere det beste ut av det.
Tidlegare i veka traff eg ei tilsett i same sektor. Eg ba ho fortelje meg litt om situasjonen. Det gjorde ho. Ho avslutta med: om vi berre sjølve får halde oss friske – så skal i alle fall vi gjere vårt!
Eg får e-postar som takkar fordi vi legg vekt på å kome med raske svar på spørsmål som vi får inn frå innbyggarane. Det kan vi gjere fordi både sentralbord og dokumentsenter prioriterer det. Også fordi kommuneoverlegen gjer det same, og samstundes fokuserer på det overordna samfunnsmedisinske.
Vi kan snakke med kvarandre og gjennomføre møter både i administrasjonen og folkevalde organ fordi Nordfjordnett (der tilsette også har heimekontor) gjer alt det dei kan for at vi skal kunne løyse oppgåvene våre på ein ny og annan måte.
Vi har aldri hatt større tilgang på heimesidene våre. Informasjonen vi har lagt der har hatt over 25 000 treff.
Eg opplever lokalaviser som tek kontakt og seier dei vil legge meldingane våre på deira opne sider. Og det har dei gjort – med alt vi har sendt. Slik tek dei samfunnsansvar i ein kritisk situasjon.
Kinn kommune står overfor fleire utfordringar i tida som kjem. Vi skal gjere vårt beste for å løyse det på gode og tenlege måtar – vi kan likevel gjere feil. Vi vil det ikkje.
Akkurat no – og med kunnskapen om alle der ute som står på for fellesskapen, som tar del i dugnaden, har eg berre lyst å seie; takk!
Vis omtanke – ta vare på kvarandre!
God helg!
Terje Heggheim
Rådmann