Rådmannen sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bileteKinn kommune

Kvar fredag skriv rådmann Terje Heggheim om veka som har gått i Kinn kommune.

Mange søkarar

Vi har hatt utlysing på to planleggarstillingar. Søknadsfristen er ute og det har meldt seg 24 kandidatar. Flott! Mange av dei er særs godt kvalifiserte og kan truleg gå rett inn i arbeidet. Det er både arkitekt- og arealplanleggingskompetanse blant søkarane. Det er om lag halvparten av kvart kjønn som søker. Halvparten av søkarane er mellom 25 og 45 år, og nærare 40% av dei er under 25 år.

Kvifor søker dei? Her er noko av det dei skriv. «Har jobb, men søker nye utfordringar». Ein annan motivasjon, «Vil flytte heim igjen til ein spennande jobb». «Gir meg muligheten til å være med å utforme og påvirke framtiden til samfunnet», seier ein annan. Det siste utdraget; «Eg trivst godt med utforming av ulike temakart og eg kan utarbeide reguleringsplanar etter plan – og bygningslova». Her blir det heilt sikkert mange spennande og gode intervju i dagane som kjem. Det er sjølvsagt kjekt å registrere at så mange ønskjer ei stilling i kommunen vår.

Reinhaldarar vil ta fagbrev

Måndag som kjem startar 24 reinhaldarar på fagbrevkurs i reinhaldsoperatørfaget. Då startar dei eit løp som fører til eksamen i desember. Då vi i fjor snakka om prinsipp for den administrative organiserniga i Kinn, slo vi fast at kompetanse i alle ledd var viktig. At så mange innanfor dette viktige fagfeltet no ønskjer å få meir kompetanse er rett og slett gledeleg. For Kinn kommune er det slike tiltak som gjer oss til ein endå meir komplett og profesjonell organisasjon. Lykke til med utdanninga!

Koronaviruset

Måndag og i dag har vi hatt møte i kommunen si beredskapsleiing om statusen. Beredskapsleiinga møtast, ikkje fordi det er krise, men for å planlegge for dei neste fasane. Det er likevel nokre konklusjonar eg vil trekke fram.

Det første dreier seg om at det er kommunen sin vanlege driftsorganisasjon som skal handtere situasjonen fortløpande. Det vert ikkje etablert nokon prosjektorganisasjon eller spesielle grupper som skal ha eige fokus på dette. Vi skal møte utfordringane med dei som til dagleg arbeider i kommunen og med den organisatoriske plasseringa dei har til vanleg. I seinare fasar kan det bli aktuelt å disponere personell på ein annan måte, men då skjer det etter eigen plan og eigne fullmakter. Vi er ikkje der no.

Det andre eg vil streke under er at vi no legg ein link til Folkehelseinstituttet sin informasjon øvst på heimesida vår. Vi legg ikkje opp til å ha eigen informasjon ut over det som kjem derfrå. Som kommuneoverlege Jan Helge Dale sa i kommunestyret sist tysdag; situasjonen endrar seg frå time til time, og Kinn legg ikkje opp til avvik frå dei sentrale føringane. Alle skal vite at kommunen har eigen plan for slikt arbeid og at vi saman med sentrale føringar vil følgje den. Vi vil følgje opp temaet i leiargruppa på måndag. Eg gjentar likevel det eg tidlegare har sagt om korleis vi kan vere med å hindre smitte:

  • Skjerm hoste og nysing, bruk albogen
  • Vask hendene, ofte og grundig
  • Handsprit er greitt på reise og når vanleg såpevask ikkje er tilgjengeleg
  • Vis omtanke

Melder Kinn kommune til politiet

De kjenner saka frå media. Kinn kommune har starta (no stoppa) å fylle ut i sjøen ved Nygårdstangen utan å ha hatt løyve. Kommunen har søkt om å få fylle ut, men ikkje venta på endeleg løyve til tiltaket. Vi er i dialog med Fylkesmannen, og saka blir av begge handtert som eit ulovleg tiltak. Det kan vere brot på både forureingslova og plan- og bygningslova. Etter samråd med ordførar har vi difor kome fram til at vi melder Kinn kommune til politiet og ber dei sjå på saka. Kvifor gjer vi det? Fordi det var det vi hadde gjort om det var private aktørar som hadde gjort det same.

Ung kultur møtast (UKM)

I morgon vert UKM gjennomført i Måløy. Då skal over 70 ungdomar i elden. Det vert vist fram 21 sceneinnslag og 29 kunstverk. Det er gratis båt for publikum frå Florø laurdag kl. 13.00. MOT-ungdomen frå Florø og Måløy er medarrangør og møtast då også denne helga. Mange møtast alt fredagskvelden til eit kick-off arrangement og då er målet å bli betre kjent med kvarandre. Laurdag ettermiddag vert sjølve mønstringa opna av ordførar Ola Teigen. Vi ønskjer lykke til med arrangementet.

God helg!

Terje Heggheim
Rådmann