Brann i Florø
Natt til sist laurdag brann eit bustadhus i Florø ned til grunnen. Ein forferdeleg situasjon for dei som måtte rømme heim og hus i nokre nattetimar. Her vil eg likevel ha fokus på våre eigne tenester. Først til brann og redning i Florø som gjorde ein fantastisk jobb denne natta.
Det blåste friskt, og alle forstår at dette kan vere krevjande i eit slukkingsarbeid Dei har sjølv sagt i media at dette kunne vorte eit nytt Lærdal. Desto større grunn til å rose arbeidet deira. Som rådmann er eg sjølvsagt glad for at vi har så flinke og profesjonelle folk. Det er med på å trygge innbyggarane våre når utfordringane blir løyst på ein så god måte. Takk til brann og redning i Florø for vel utført oppdrag! Brått vart to familiar huslause. I løpet av føremiddagen førre laurdag var dei innlosjert i kommunalt husvære. Dei fekk også hjelp av private.
Eg vil likevel rose bustadkontoret for den jobben dei gjorde i situasjonen. Dette er løyst på ein framifrå måte. Om morgonen laurdag stod eit tomt husvære tilgjengeleg. Seinare på dagen var det fylt med ein famile, møblar og det meste dei hadde behov for. Fantastisk, og takk igjen til bustadkontoret.
Personal og organisasjon
Det er utforma nye arbeidsavtalar for Kinn – digital løysing – elektronisk signatur – no er arbeidet i gang og alle får si arbeidsavtale i løpet av mars. Det vil seie ein ordinær arbeidsavtale, fast stilling, m/teieplikterklæring.
Etter planen vil vi lande prinsippa for løn og lønsharmonisering i løpet av mars/april 2020. Dette gjeld og felles kompetanselønssystem i Kinn.
Administrasjonsutvalet ADMU har vedtatt 4 hovudreglement så langt. Det blir lagt opp til ekstramøte i ADMU utover våren, og vi tek sikte på at alle reglementa er på plass i løpet av våren 2020. Alt dette blir samla i Kinn si personalhandbok og gjort tilgjengeleg i Compilo. Det vil også vere tilgjengeleg på heimesida for alle tilsette og alle andre. Kinn legg vekt på delingskultur og openheit.
Reglement som no er vedtekne, vart presenterte med felles casebasert gjennomgang på kommunedagen i går. Det gjeld arbeidsreglement, retningsliner for overtid, og kompensasjon for reiser og arbeidstid utanom normal arbeidstid, fleksibel arbeidstid og permisjonsreglement.
Kommunikasjonsplan for Kinn
På kommunedagen torsdag fekk om lag 80 tenesteleiarar, toppleiarar og stabstilsette presentert eit utkast til kommunikasjonsplan for organisasjonen. Planen dannar grunnlaget for målsettingar, og korleis vi aktivt skal informere om kinnvår verksemd.
Vi skal bli betre på kommunikasjon og hauste fordelane av kva dette inneber. Vi skal ha eit bevisst forhold til vårt omdøme. Dette bidreg til å auke vår attraktivitet som tilflyttingskommune og arbeidsplass. Arbeidet må heile organisasjonen samarbeide om i lag med Informasjon og service, som forvaltar kommunikasjonsfaget og -plattformene. Planen blei godt motteke av dei deltakande, og eg trur viljen er stor for å innfri kommunikasjonsmåla som blei lagt fram.
Skram skule
Fjordenes Tidende har skrive om saka i veka. Dei viser til at eg tidlegare har sagt at eg var uroleg for at skulen ikkje ville bli godkjend. Det viser seg at skulen vart godkjend i april i fjor. Då eg uttalte meg i formannskapet var eg ukjend med det. Eg burde vite det, men godkjenninga var ikkje komen til leiinga i Vågsøy, heller ikkje til Kinn seinare. Det at skulen er godkjend tek likevel ikkje vekk argumentet om at ei rekke tiltak må iverksettast for å halde fram skuledrifta i det gamle anlegget.
Desse tiltaka vil representere kostnader som vi mest truleg ikkje får nytte av i eit nytt anlegg eller ved rehabilitering. Det er ikkje meininga å argumentere for ei spesiell løysing her og no. Kommunestyret skal ta stilling til saka. Men, det er for ordens skuld på sin plass å stadfeste at skulen er godkjend i dag.
Signalanlegg
I samband med innføring av velferdsteknologi har vi bestemt at vi må ha eit felles system i Kinn. Vi må ha datasystem som snakkar med kvarandre. Viss ikkje, vil vi få dobbeltarbeid. Det skal vi ikkje ha. Det er kome reaksjonar på at vi har varsla at det bestilte signalanlegget på Kulatoppen må reverserast. Det forstår eg. Eg vil difor legge vekt på å gjennomføre møte og følgje opp dette i neste veke.
God helg!
Terje Heggheim
Rådmann