Råd om korleis vaksne kan snakke med barn om krig og frykt for atomutslepp

Nærbilde av eit barn som held seg for ørene med ansiktet vent nedover, og som har lagt fletta si over augene for å ikkje sjå - Klikk for stort bileteKorleis kan vaksne snakke med barn om krig og frykt for atomutslepp? Alexander Grey, Unsplash

Den usikre situasjonen i Europa, og faren for atomulykke kan vere skremmande for både vaksne, ungdommar og barn. Helsedirektoratet og Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) har utarbeidd råd om korleis vaksne kan snakke med barn om krig og frykt for atomutslepp.

Råda er retta mot både føresette, omsorgspersonar og profesjonelle som lærarar, barnehagetilsette og helsepersonell.