Psykisk helse og rus avd. Måløy er kåra til vinnar av arbeidsmiljøprisen 2023

Bilde av Stine Aaase Myhre v/ Kinn psykisk helse og rus, Måløy - Klikk for stort bilete

I år var det 9 nominerte til arbeidsmiljøprisen - men avdelingsleiar Stine Aase Myhre tok i dag i mot prisen på vegner av psykisk helse og rus i Måløy! 

Grunngjevinga frå komitéen

Måløy psykisk helse og rus har jobba systematisk sidan 2017 med å skape gode relasjonar mellom dei tilsette, og å skape best mogeleg arbeidsmiljø. Dei har fokus på å bygge tilsettegruppa som eit sterkt team, der alle tilsette er like mykje verdt og alle sin innsats vert sett pris på uavhengig av utdanning, profesjon og erfaring. 

Dei har systematisk kollegarettleiing for å fremje fagleg og personelg utvikling for alle. Dei er eit team som er avhengige av kvarandre for å gjere ein god jobb, og har tryggleik til å ta dei gode og djupe faglege drøftingane i plenum. 

Dei tilsette seier at dei har ein fantastisk engasjert leiar, Stine Aase Myhre, som er pådrivar i dette arbeidet. Ho byr mykje på seg sjølv, og legg til rette for å markere og feire det dei kan, slik at tilsettegruppa trivast på jobb og toler dei belastningane ein opplever i jobbkvardagen sin. 

Døme på trivselstiltak som Stine Aase Myhre tek ansvar for, er å lage påskeegg til alle tilsette kvart år som ho gjerne deler ut ikledd påskekyllingkostyme. Til jul arrangerer dei julelunsj, og brukar pausetida si til å pynte i avdelinga, lage peparkakehus, drikke gløgg og lage julegraut. Dette er med på å skape godt humør hjå dei tilsette samt auke motivasjonen til arbeidsoppgåvene ein skal utføre. 

Høgtider og merkedagar vert feira med stor glede og iver frå alle involverte! Alle bursdagar i avdelinga vert feira med gåver, kos og song i lunsjen. Dei samlar inn pengar til trivselstiltak på starten av året, og pengane går til koselege tiltak i ein elles travel kvardag. Alle har eit felles ansvar for å ta initiativ til trivelege stunder, og kva pengane skal nyttast til er opp til kvar enkelt å bestemme. Dei tilsette seier at det er godt å vere på jobb i Måløy psykisk helse og rus.  

Fagjuryen har bestått av følgjande personar: 

Frank Willy Djuvik (FRP ), leiar av ADMU 

Inger Strand Kvalheim (AP), medlem av ADMU 

Wenche Nordal, HTV Fagforbundet/ADMU 

Christer Reksten Solheim, HTV Utdanningsforbundet/ADMU 

Roald Leivestad, HR-spesialrådgjevar 

Stine Hovland, HR-rådgjevar