Dette betyr at vi kan bruke meir ressursar til å gå gjennom alle gjeldande planar for å sjå etter uheldige verknader for naturmangfald og tap av naturgoder (også kalla økosystemtenester) og slik føreslå endringar eller opphevingar for betre å verne om viktig natur.
Kartlegging og gjennomgang av planar
Denne artikkelen skildrar dei ulike delane i planvaskprosjektet. Så langt har vi gjennomført ei kartlegging av store og verdifulle tre i sentrumsområda i Måløy og Florø, og vi har starta arbeidet med å gå gjennom gjeldande reguleringsplanar og område som er føreslått overført med same arealformål frå gamal til ny kommuneplan. Vi har også sett på kommunedelplanane for Eikefjord, Stavang, Florølandet-Brandsøy og for sentrumsplanen for Florø for å sjå om nokon av planane bør endrast på grunn av omsyn til naturmangfald. Blant anna må trekartlegginga vere ein del av kunnskapsgrunnlaget når sentrumsplanen for Florø skal reviderast.
Behov for ein samla arealplan
Det er første gong at Kinn kommune får ein felles, samla kommuneplanen sin arealdel. Gamle Flora kommune sin plan var sist revidert i 2017 og Vågsøy sin plan tilbake i 2002. Det er mykje som har endra seg og som utløyser behov for ein planvask.
Slike endringar kan vere ny kunnskap om naturen og naturen sine økosystemtenester, forventningar frå statleg hald, og meir detaljert kartlegging av naturen vår. Nokre døme på kva som kan påverke dette er revidering av raudlista(2021) eller nye, utvalde naturtypar i «Forskrift om utvalgte naturtyper etter naturmangfoldloven» som er oppdatert sist i september 2023. Her er det mykje ny kunnskap som er viktig å ta med når ein skal vurdere kor utbygging bør skje. Vi har valt å gjennomføre dette arbeidet med fleire delprosjekt som vert omtalt i det fylgjande. Prosjektet skal føregå fram til utgangen av 2025.
Trekartlegging i Måløy og Florø
I slutten av august, i ei veke med regnvêr, hadde vi besøk av Mahsa Ghadimi, som er student på Ås, for å kartlegge store, viktige tre i sentrum av Florø og Måløy. Totalt vart 411 tre målt og registrert i løpet av dei sju dagane. Ho registrerte alle slags treslag, både stadeigne og framande artar, samt pryd- og frukttre.
Av alle trea er 49 kategorisert som trua (VU) i raudlista for 2021. Dette gjeld ask og alm. Når det gjeld framande artar er det 29 førekomstar av artar med svært høg risiko (SE); sitkagran og platanlønn. I tillegg er det registrert ein førekomst av lutzgran og ein av alpegullregn som også er i SE-kategorien (ikkje med i denne tabellen). Det er registrert 19 eik. Eik er kategorisert som livskraftig (LC) i raudlista, men store hule eiker har svært stor artsrikdom og eiker er automatisk verna når dei blir synleg hule, eller når dei har ein omkrins på 200 cm. I denne kartlegginga valde vi å kartlegge alle eiker, også dei små, og storleiken spente mellom 20 til 195 cm. i omkrins.
Verdisetting av tre
Oversikta ovanfor seier noko om kva tre det er viktig å ta vare på og kva tre som på sikt bør fjernast for å unngå spreiing av framande treslag. I tillegg har Norsk Standard publisert ein rettleiar for å verdisette trea i økonomisk forstand. Dette for å synleggjere kostnad ved reetablering av tre som av ulike årsaker vert felt. Dette kan først og fremst gjerast ved behov og er ikkje ein del av planvask-prosjektet. Rettleiaren viser til eit utrekningsverktøy for treet sine naturgoder, og vi har med nokre dømer på dette nedanfor.
Eik i Gate 2 i Måløy (omkrins 195 cm.)
Mahsa Ghadimi
I løp av dei neste 20 åra kan dette treet ta opp 5,4 tonn CO₂ og absorbere 1448 kubikkmeter regnvatn. I tillegg gir treet skugge på varme dagar, noko som kan vere ein fordel for eigaren av bygga like ved. Eik er også eit viktig treslag for biologisk mangfald, spesielt om det får vekse seg gammalt.
Bjørk i kyrkjeparken i Florø (omkrins 240 cm.)
Mahsa Ghadimi
I løp av dei neste 20 åra kan dette treet ta opp 9,1 tonn CO₂ og absorbere 1837 kubikkmeter regnvatn. Treet spelar òg ei viktig rolle for det estetiske miljøet rundt kyrkja. Utrekningane er gjort ved hjelp av eit verktøy som er vist til i rettleiaren til Norsk Standard.
Temakart
Alle tre som vart registrert, blir lagt inn i eit temakart til bruk i kommunen sitt planarbeid. I tillegg er innsamla data sendt inn til Artsobservasjoner, slik at informasjonen er lett tilgjengeleg også for dei som jobbar med naturmangfald ved institusjonar eller statlege organ. For innbyggarane vert temakartet for viktige tre liggande med dei andre temakarta til kommunen.
Det vert òg laga til eit temakart for karbon i ulike arealtypar. NTNU utarbeidde ein rapport som viser potensiell karbonmengd i Kinn kommune sin natur i 2021. Dette temakartet vil vere eit supplement til nasjonalt tilgjengelege kart og gje meir detaljert informasjon. Det viser seg for eksempel at myrer på vestlandet ofte er meir kompakte og inneheld meir karbon en kva som er gjennomsnittet for Norge (dette kjem mellom anna av mykje nedbør).
Gjennomgang av kommunen sine arealplanar
Som nemnt er dette første gong Kinn kommune får ein samla arealdel i kommuneplanen. I tillegg har vi kommunedelplanar for sentrum av Florø, Eikefjord, Stavang, Florølandet-Brandsøy og fleire gjeldande reguleringsplanar. Alle desse skal gjennomgåast med fokus på naturmangfald og naturgoder, som karbonlagring og opptak.
Vi undersøker om det har kome nye registreringar i felt, eller nye retningsliner for ulike arealtypar. Til dømes fekk kystlynghei status som utvald naturtype i 2012, jamfør «Forskrift om utvalgte naturtyper etter naturmangfoldloven».
Slåttemark fekk denne statusen i 2023. Myr og gammalskog er under vurdering som utvalde naturtypar, og vil truleg få denne statusen innan kort tid. Statlege planretningsliner legg føringar for korleis kommunen bør disponere sine areal, og forventninga er å bygge kompakt og der det allereie finst infrastruktur.
Eit enkelt døme på korleis vi går gjennom plankartet:
Horisontale striper i kartet indikerer myr, og dette området vert difor ikkje vidareført med tidlegare arealføremål i ny planHorisontale striper i kartet indikerer myr og dette området vert derfor ikkje vidareført med tidlegare arealformål inn i ny plan.
Kvifor er areal så viktig?
Arealendring er den viktigaste årsaka til tap av naturmangfald på land. Når vi bygger ned naturen for vegar eller bygningar, får naturen mindre plass. I tillegg skapar det ei sone rundt all utbygging med støy og lys, noko som forstyrrar mange artar og hindrar reproduksjon. Nokre artar beveger seg over store område og vil ikkje klare seg på små flekkar, sjølv om dei er grøne og naturlege. Arealendring kan òg skje i form av attgroing, noko som fører til at artar som trivst i ope landskap mister habitatet sitt.
Ulike arealtypar kan vere viktige som karbonlager, spesielt skog, myr og kystlynghei. Ved å bygge ned slike området, taper ein karbon til atmosfæren umiddelbart. I tillegg mister ein dette arealet sin evne til å ta opp karbon i overskueleg framtid. Naturen fungerer òg som ein buffer mot klimaendringar ved å regulere vêret, som ved ekstrem nedbør eller tørke.