Pårørande innan psykisk helse (LPP) inviterer til møteplass 22. oktoberLytt til tekstenStopp avspillingMøteplassen er ein arena for dialog og gjensidig læring mellom pårørande og fagfolk. Her kan pårørande dele sine erfaringar, og fagfolk få verdifull innsikt i korleis dei kan forbetre tenestene sine. Målet er å styrke samarbeidet og skape betre kvardag for alle involverte. Stad, Stryn og Kinn kommunar, Helse Førde, og LPP Sogn og Fjordane er ansvarlege for arrangementet.Meir informasjon om MØTEPLASS finn du på LPP sine heimesiderTid og stadFor pårørande: 22. oktober, kl. 18.00 - 20.15Fagfolk: 22. oktober, kl. 17.30 - 21.00Tema: "Når kommunikasjonen blir vanskeleg…".Stad: Rådhuset på Nordfjordeid, 2. etg, kantina/kommunestyresal.Kvifor delta?For pårørandeAuke kunnskap om hjelpetilbod.Dele dine erfaringar og få støtte.Medverke til kvalitetsforbetring.Møte andre i liknande situasjonar.For fagfolkFå innsikt i pårørande sitt perspektiv.Reflektere over eigen praksis.Bygge nettverk på tvers av tenester.Påmelding og spørsmålKontakt ein av kontaktpersonane for påmelding eller eventuelle spørsmål.Kristin Heimlid Øiestad, tlf. 92 62 10 76, e-post kristin.oiestad@stryn.kommune.noLPP Sogn og Fjordane, tlf. 90 13 89 82, e-post sognogfjordane@lpp.no Publisert 18.09.2025 12.16 Sist endra 18.09.2025 12.16