På leit etter gammal historie på Kinn og Svanøy

Våren 2022 blei det gjennomført georadarundersøkingar på øyane Kinn og Svanøy utanfor Florø. Målet med undersøkingane var mellom anna å finne moglege strukturar som kunne gi meir innsikt i historia til kyrkja og gravstaden på Kinn. På Svanøya var målet å utforske ein steinring definert i dag som eit kulturminne, kalla «offerringen». I tillegg vart Bru kyrkjegard undersøkt, og restar av tidlegare kyrkjer.

På oppdrag frå Flora Historielag og Kinn kommune har forskaren Jani Causevic ved Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU) gjennomført undersøkingane. Det blei nytta georadar (Ground Penetrating Radar på engelsk) for å påvise material under bakken som ikkje er «naturlege» fenomen. Dette skjer ved at georadaren sender elektromagnetiske bølger 1.5 til 3 meter under bakken, som vert reflektert tilbake til ein mottakar når den treff gjenstandar under overflata. Denne metoden kan fange opp strukturar som er større enn 0.5 meter i diameter. Ein kan då analysere signala ut i frå kva materiell dei elektromagnetiske bølgene har treft, og danne eit slags 3-dimensjonalt bilde av kva som ligg under jorda. Ut i frå dette kan ein tolke kva type strukturar som ligg der.

Hovudmålet med undersøkinga var å finne eldre graver, og spor etter eldre konstruksjonar av kyrkja på Kinn, Åkerøya på sørsida av Kinn og Svanøy.

Kva har dei funne på Kinn og Åkerøya?

Kinn kyrkje er ein romansk steinkyrkje som blei bygd på 1100-talet. 

Ved Kinn kyrkje har det blitt påvist strukturar i bakken som kan vere spor etter ein eldre kyrkjegardsmur og eldre fasar av kyrkjegarden i nordenden. I nordaustre del er det observert ein eldre gangsti som kan ha vore ein eldre kyrkjegardsport eller opning i muren. Dette kan vere den tidlegare tilkomstvegen til kyrkja som gjekk over berget.

Elles vart det funne mange graver på kyrkjegarden, både gamle og frå nyare tid. Dette kan ikkje georadar svare på åleine, men det kan koplast opp mot tidlegare kjende gravsteinar for tidsbestemming. 

Eit maleri av Kinn kyrkje som viser kyrkjefolk besøke kyrkja ved å gå over berget - Klikk for stort bileteMaleri av Kinn kyrkje som viser at menneske gjekk over berget for å kome fram til kyrkja NIKU, forskingsrapport

På Åkerøya var det ikkje mogleg å påvise ytterlegare graver enn det som er kjend i dag.

Og kva med Bru kyrkjegard og Svanøy?

Før 1685 gjekk Svanøy kyrkje under namnet Bru. Den eldstre omtala av kyrkja er ca. frå år 1330. Dette var ei middelalderkyrkje, truleg ei stavkyrkje, som vart erstatta av ei tømmerkyrkje med korsforma grunnplan i første halvdel av 1600-talet. Tømmerkyrkja vart rive i 1872 og kyrkjeplassen vart flytta nokre kilometer til fastlandet (Stavang). 

Det har tidlegare på øya blitt funne eit steinkors på kyrkjegarden med runeinskripsjon. Denne runeinskripsjonen er ikkje lenger leseleg, men blei i 1955 tyda av Aslak Liestøl. Han tyda det til å stå «Tord let reise denne krossen etter (…)».

Den såkalla offerringen har mellom anna blitt skildra som offerkrets av tidlegare biskop Jacob Neumann i 1822 og av Jens Kraft i 1830, og som steinkrans av Per Fett i 1957. Offerringen ligg om lag 50 meter nord for kyrkjegarden.

På kyrkjegarden har det blitt funne spor som kan tyde på eit tidlegare kyrkjebygg. Det er altså mogleg undersøkinga har påvist restar av ei kyrkje og fleire fasar av gravleggingar. Likevel er det ikkje mogleg med georadar åleine, å seie kva av dei to eldre kyrkjene som er funne spor av. Då må det gjerne til med tradisjonelle arkeologiske metodar.

Undersøkinga ved steinsirkelen (Offerringen) har ikkje påvist strukturar innanfor sirkelen. Forskaren skriv i rapporten sin at ikkje nødvendigvis ikkje ligg strukturar der, men dei kan vere for små eller ha ein materiell samansetting, som gjer at dei ikkje kan bli påvist med georadar.

Du kan lese rapportane i sin heilskap

Flora Historielag har delt rapportane frå NIKU med oss. Dei inneheld meir informasjon enn kva du les i denne artikkelen, og kan vere interessant for fleire å lese. Flora Historielag har også omtala funna i ei eiga bok; «Kinnakyrkja – Lengst vest i havet».