Oppdatert: Biblioteka må halde stengt lenger enn planlagt

Det tar lenger tid med å innføre det nye IT-systemet til biblioteka. Biblioteka opnar difor tidlegast 21. mai.

Oppdatert 2.mai:
Grunna omlegging til nytt IT-system er biblioteka i Florø og Måløy stengt frå og med 25. april til og med 13. og 14. mai (Florø og Måløy). Årsaka er at innføring av IT-systemet tar lenger tid enn planlagt. Denne perioden kan du ikkje låne, reservere bøker eller søke i katalogane. 

Opphavleg informasjon:

Det er allereie stengt for fjernlån av media, og det vil ikkje vere mogleg å bestille fram til midten av mai månad. Meirope vil også halde stengt medan arbeidet med det nye IT-systemet pågår, sidan sjølvbeteningsautomatane er nede.

Bøker kan framleis leverast i bokkassane utanfor biblioteka. Biblioteka opnar så snart det nye systemet er i drift. Vi oppmodar alle til å låne mest mogleg før stenginga.