Onsdag hadde nyvalt ungdommens kommunestyre i Kinn (UKK) sitt første møteLytt til tekstenStopp avspillingMøtet var på rådhuset i Måløy. Ungdommens kommunestyre består av 15 ungdomar som er valt av ungdomsskulane og dei vidaregåande skulane i Kinn.Val av ungdomsordførar, varaungdomsordførar og representantar til politiske utvalI møtet vart det også valt ungdomsordførar og varaungdomsordførar. Ungdomsordførar dei neste to åra er Anna Barlund Stensvoll. Anna er frå Florø, og går YSK akvakultur ved Måløy vidaregåande. På denne studieretninga går ho både på skule og kombinerer det med jobb på Svanøy havbruk. Anna går inn i sin tredje periode i UKK, og er såleis ein erfaren ungdomspolitikar.Ungdomsvaraordførar er Andreas Rønhovde. Han går bygg- og anleggsteknikk/tømrar ved Måløy vidaregåande skule.I møte blei Anna Barlund Stensvoll valt til ungdomsordførar og Andreas Rønhøvde valt til ungdomsvaraordførarI tillegg valde UKK representantar til oppvekst- og kulturutvalet, helse-, sosial- og omsorgsutvalet og plan- og miljøutvalet.Orientering om økonomi og tildeling av tilskotsmidlarUngdomspolitikarane blei også orientert om økonomiplan og handlingsprogram for 2026 - 2029. I tillegg fekk dei høve til å gi uttale til rangering av Bufdir-søknadar. Dette er ei rangering av tilskot av Bufdir-midlar til frivillige lag og organsiasjonar og private aktørar. UKK si uttale vert vektlagt og tatt med i den vidare handsaminga av tildelinga.Vi ser fram til å jobbe med ein kjekk og engasjert gjeng i UKK dei komande to åra! Publisert 20.11.2025 08.09 Sist endra 20.11.2025 08.13