Omvising i Florø Sjukehus

Sjukehuset skal rivast i løpet av 2024. For dei som ynskjer å sjå bygget før det blir rive, vert det arrangert omvising torsdag 1. februar og laurdag 3. februar kl. 10.00. Det er Signe Nordvik som skal geleide folk rundt i sjukehuset. Signe har jobba ved sjukehuset frå 1979 og heilt fram til det vart nedlagt. 

Påmeldingsfrist var 25. Januar. 

Det er ikkje straum på sjukehuset, så ta på varme kle og ha med lommelykt. Omvisinga varer i ca. 1 time. 

Det er plass til 10-12 personar på kvar omvising. Ved stor interesse blir det sett opp fleire tidspunkt seinare på dagen den 1. og 3. februar.