Omklassifisering av veg i øyane frå fylket til kommunen - no blir det asfaltering også på Askrova

Kinn kommune og Vestland fylkeskommune har over lenger tid vore i prosess med kommunal overtaking av dei fylkeskommunale vegane på Reksta, Skorpa og Askrova. I samband med dette er det no ein avtale om å asfaltere veg på Askrova.

Kva betyr omklassifisering av veg?

Omklassifisering betyr at ein veg skiftar eigar og forvaltar. Når ein fylkesveg blir kommunal, får kommunen ansvar for drift, vedlikehald og mindre utbetringar. Målet er betre samordning lokalt og meir føreseielege tenester for innbyggarane.

No blir det asfaltering også på Askrova

I samband med denne prosessen er fylket og kommunen blitt einige om ei rekke tiltak for å betre vegstandaren og trafikktrygginga til det beste for innbyggarane, før kommune overtek vegane. 

På Askrova skal det leggast ny asfalt frå rutebåtkaia til Valvik - totalt om lag 4,2 km. I samme omgang asfalterast Steinvegen som i dag er kommunal. På denne øya er det i tillegg utført anna arbeid som til dømes plastring langs sjø og utbetring av rekkverk. 

Asfaltlegginga på Askrova er i bestilling, og det kan bli redusert framkomst medan arbeidet pågår – i så fall vert det skilta og informasjon blir sendt til deg som bur på øya. Vi prøver alltid å avgrense ulempene og varslar dersom større endringar blir planlagde.

På Reksta og Skorpa er det allereie lagt nytt asfaltdekke på det aller meste av vegane. I tillegg er det montert rekkverk som sikring for å hindre utforkøyring på kritiske plassar.

Formell overtaking

Den formelle overtakinga skjer etter at alt avtalt arbeid er utført og kommunen signerer overtakelsesprotokoll. Det er framleis nokre mindre rettingar som skal utførast. 

Dato for formelt skifte av vegeigar blir publisert når dette er avklara. 

Godt samarbeid mellom partane

Kinn kommune opplever samarbeidet med fylkeskommunen i denne prosessen som god. Begge partar har avgrensa midlar avsett til vegtiltak og ein utfordrande økonomi. Likevel har partane samarbeidd bra for å for å få mest mogleg nytte ut av midlane som er tilgjengelige.