Offentleg ettersyn: Søknad om permanent løyve for oppdrett av matfisk av laks, aure og regnbogeaure på Bleket i Kinn kommune

Vestland fylkeskommune viser til søknad av 27.03.2026 frå Langøylaks AS, Austevoll Melaks AS og Troland Fiskeoppdrett AS om permanent etablering av anlegg for oppdrett av matfisk av laks, aure og regnbogeaure på lokalitet 45072 Bleket i Kinn kommune.

Noverande anlegg ved Bleket har eit løyve som blei gjeve mellombels av Statsforvaltaren for 3 produksjonssyklusar fram til 05.03.2027. Det vart også gjeve ein mellombels dispensasjon frå arealplanen til Kinn kommune fram til ny plan var godkjent. Denne planen er enno ikkje ferdig vedtatt, og søknaden går difor også til Kinn kommune for vurdering og ny høyring.

Kartutsnitt som syner området som er søkt om for ny lokalitet på Bleket i Kinn kommune - Klikk for stort bileteLokasjon til fiskeoppdrett på 45072 Bleket i Kinn kommune

Tiltaket fell inn under vedlegg III i Forskrift om konsekvensutredninger (FOR-2017-06-21-854). Søknaden skal då handsamast etter § 8 i forskrifta og skal konsekvensutgreiast om de kan få vesentlige verknader etter § 10. Fylkeskommunen sin vurdering er at tiltaket ikkje får vesentlege verknader for miljø eller samfunn. Dersom berørte parter meiner at tiltaket kan få vesentlege verknader, og desse verknadane ikkje allereie er tilfredsstillande gjort greie for i søknaden, må dette meldast til fylkeskommunen innan 4 veker etter utlysning. Høringsparten må eventuelt konkretisere kva forhold som bør undersøkast nærare.

Vestland fylkeskommune har bedt om at Kinn kommune vurderer søknaden, samt legg søknaden ut til offentleg ettersyn i samråd med søkjar, i ein periode på 4 veker til 20. juli 2026. 

Eventuelle merknader frå offentleg ettersyn og kommunen si handsaming av saka vert send til Vestland fylkeskommune snarast råd etter fristen 20. juli (jf. Forskrift om samordning og tidsfristar i handsaming av akvakultursøknader § 4).

Send dine innspel

Dersom du har innspel til høyringssaka kan du sende dette på elektronisk høyringsskjema innan 20. juli 2026.

Søknad og tilhøyrande dokument

Gå til arkivsaka for å sjå søknaden frå Langøylaks AS, Austevoll Melaks AS og Troland Fiskeoppdrett AS her.