Nytt ressursteam skal styrke tenestene til barn og unge

Vi satsar på nyskaping og betre samhandling med etableringa av eit tiltaksretta tverrfagleg ressursteam for barn, unge og familiar. Prosjektet skal vere lågterskel, og vert ei styrking og vidareutvikling av Kinn kommune sitt eksisterande tilbod “Familiehjelpa”.  Kari Vårdal er tilsett i eit engasjement med mål om å lage ei god tverrfagleg organisering for å sikre raskare og meir treffsikker hjelp til dei som treng det mest.  

Eitt samla lag for betre oppfølging 

Kinn kommune skal samle fagpersonar på tvers av dei kommunale tenestene psykisk helse og rus, helsestasjon, barnevern og KURS KF, for å tilby eit enklare og meir tilgjengeleg hjelpeapparat.  

Ressursteamet skal vere eit lågterskeltilbod som gir rask og presis hjelp til barn og unge med til dømes milde til moderate psykiske vanskar, i tillegg til foreldrerettleiing.  Med ei tverrfagleg verktøykasse av fagfolk skal vi sikre at rett hjelp blir gitt til rett tid – til dei som treng det mest. 

"Ei dør inn" til hjelpa 

Vi ønskjer å fjerne silotenking og sikre betre samarbeid mellom tenestene våre. Ressursteamet skal fungere som éin felles inngang til ulike hjelpetilbod, slik at brukarane slepp å navigere i eit oppdelt system. 

Den tverrfaglege gruppa vil kunne trekke inn andre fagpersonar etter behov for å sikre heilskapleg vurdering og tiltak. 

Mykje skal vere på plass til mai månad 

Prosjektleiaren har ansvar for å sikre ei god organisering av teamet, med fokus på effektiv ressursutnytting og kvalitet i tenestene. Prosjektgruppa skal innan mai 2025 legge fram forslag til namn, arbeidsform og struktur for teamet. 

Evaluering og vidare utvikling 

For å sikre kvalitet og framgang skal prosjektleiar rapportere kvartalsvis til kommunalsjef for helse og oppvekst, og stabsleiar for strategi og samordning. 

Med dette initiativet tar vi ansvar for å jobbe saman, og sikre rett tiltak til dei barn, unge og familiane som treng det mest. Arbeidet er forankra i Kinn kommune sine temaplanar for oppvekst og helse og velferd. Nasjonal rettleiar for psykisk helsearbeid for barn og unge som kom i oktober 2023 legg føringar for arbeidet.