Ny vallov: Kommunen nyttar eigne tilsette i valkrinsane på valdagen

Frå og med stortingsvalet i 2025 blir det endringar i korleis kommunen organiserer arbeidet på valdagen. Den nye vallova som trådde i kraft i 2024, inneber at kommunen bruker eigne tilsette til å gjennomføre valdagen i valkrinsane.

Tidlegare fekk innbyggarar brev

Tidlegare har Kinn kommune henta inn personar i dei ulike valkrinsane for å hjelpe til som valmedarbeidarar, og som leiar og nestleiar for valkrinsane. Desse har tidlegare fått brev med informasjon om å stille som valmedarbeidarar i vallokala. Dette sluttar vi med frå i år.

Det betyr at du som har vore med tidlegare, ikkje vil få eit nytt brev eller direkte førespurnad. I staden vil kommunen organisere arbeidet internt og nytte tilsette frå ulike einingar.

Stor takk til tidlegare valmedarbeidarar

Vi vil rette ei stor takk til alle som har stilt opp tidlegare. Desse har gjort ein viktig innsats for demokratiet, og vi set stor pris på engasjementet og arbeidet dei har lagt ned for oss.

I år er det stortingsval

Valdagen i år er 8. september. Tidlegrøysting, som er eit tilbod til deg som ikkje kan røyste ved den ordinære førehandsrøysteperioden, starter frå 1. juli til 8. august. Den ordinære førehandsrøysteperioden starter 11. august fram til fredagen før valdagen. Vi kjem tilbake med meir informasjon om dette.