Ny telefontid på Kulatoppen omsorgssenter

Frå 10. september innfører Kulatoppen omsorgssenter telefontid måndag til søndag, frå kl. 11.00 - 18.00.

Når du ringer hovudnummeret får du to val i opningstida: 

  1. Kulatoppen institusjon
  2. Kulatoppen heildøgnsbemanna omsorgssenter

Avhengig av kva du veljer vil du få fleire tasteval for ulike avdelingar. Dei siste alternativa er vakttelefonar. 

Dette er ei løysing som har blitt evaluert sidan oppstart i mai månad, og det vert no opna for ny utvida opningstid på Kulatoppen si telefoniløysing.

Vi ringer om det oppstår noko akutt

I fall det oppstår noko akutt tar vi kontakt med pårørande så snart som mogleg.