Ny rettleiar for bruk av uterom til arrangementLytt til tekstenStopp avspillingKinn kommune ønsker å legge til rette for gode og trygge arrangement ute – både for innbyggarar og besøkande. No har vi laga ein rettleiar som gjer det enklare for arrangørar å planlegge og gjennomføre arrangement i offentlege og private uterom.Vi er positive til at det vert arrangert ulike kultur- og fritidsaktivitetar ute, og ønsker å vere ein samarbeidspartnar for dei som vil skape liv og engasjement i lokalsamfunna våre. For å hjelpe arrangørar har kommunen laga ein ny rettleiar for bruk av uterom til arrangement.Les rettleiar for bruk av uterom i Kinn kommune her (PDF, 188 kB)Rettleiaren skal bidra tilein meir heilskapleg og lik praksis for bruk av uteromføreseielege rammer for arrangørarbetre samarbeid mellom arrangørar, naboar og kommunentryggare arrangement med god planlegging og sikkerheitRettleiaren gjeld for større arrangement som festivalar, konsertar, tivoli og framsyningar. Mindre sosiale samlingar som til dømes gatefester er ikkje medrekna, men politivedtektene er likevel gjeldande.Vi oppmodar arrangørar om å ta kontakt tidleg i planlegginga for å få rettleiing og koordinering med ulike kommunale tenester.Kontaktperson:Anders Espeset, park- og grøntavdelinga📧 Anders.Espeset@kinn.kommune.no📞 57 75 60 00Rettleiaren gir også oversikt på kva løyver og meldingar som må sendast til politi, brannvesen, og andre instansar. Du finn også informasjon om krav til tryggleik, miljø, universell utforming, skjenking og matservering.Vi ønskjer å gjere det enkelt å arrangere gode opplevingar for folk – og samtidig sikre tryggleik og gode rammer for alle involverte. Publisert 30.09.2025 13.06 Sist endra 30.09.2025 13.07