Ny rapport – Omstilling i oppvekst og utdanning fra Norconsult

Høyringsutkast til kommuneplanen sin samfunnsdel vert arbeidd med sikte på å sende på høyring frå 15. desember - til 15. februar. Ein grunnlagsrapport for arbeidet er no ferdigstilt av Norconsult «Omstilling i oppvekst og utdanning».

Norconsult sin rapport om omstilling i oppvekst og utdanning kan du lese her. (PDF, 3 MB)

Norconsult skriv «Dersom oppvekstsektoren skal imøtekomma dei store årlege reduserte overføringane – må brorparten av effektiviseringsgevinsten og innsparingspotensialet komme gjennom strukturelle grep. Det må etablerast større grunnskular som kan fordele skulekostnaden på fleire elevar. I dag driftar Kinn kommune 11 grunnskular. I 2032 vil tre skular ha eit elevtal langt under 100 elevar, fem skular vil ha eit elevtal mellom 100 – 200 elevar og tre skular vil ha 200 elevar og fleire. KS sin rettleier for kommuneøkonomi tilseier tre metodar for å redusere utgiftene på: 1. Effektivisering 2. Sjå på nivå / terskel for korleis tenestene vert produsert / levert 3. Endring i tenestestruktur og lokalisering».

Kommunedirektøren har framlegg til økonomiplan, og vil legge inn i kommuneplanen sin samfunnsdel eit tiltak for å fase ut Stavang, Skavøypoll, Krokane og Raudeberg innan 2026/27.

Det er gjennomført ei konsekvensvurdering med omsyn på føremoner og ulemper av eit slikt framlegg til ny skulestruktur. Grepa inneber at vi gjer det mogleg å oppnå den økonomi-ramma som kommunestyret har fastsett.

Administrasjonen meiner at vi skapar ein attraktiv kommune med desse grepa. Vi skaper derimot ikkje gode nok skular og ein attraktiv kommune med å årleg redusere løyvingar som følgje av færre elevar. Vi legg også vekt på å kunne gje likeverdige tenester til elevane våre, noko vi oppnår med færre skular.

Med færre skulebarn kjem vi til å få stor overkapasitet i skulebygga våre om vi ikkje gjer endringar i struktur og krinsgrenser. Vi har tilgjengeleg meir enn 3000 elevplassar, men vil gå ned til 1800 elevar plassar i løpet av dei neste åra. Fleire av skulane våre har dessutan stort oppgraderingsbehov. Både økonomiplanen og kommuneplanen sin samfunnsdel legg opp til færre skular, for å tilpasse oss lågare elevtal og sleppe rehabilitering av gamle skulebygg.

Rapporten frå Norconsult har basert seg på desse alternativa

Scenario 0 (M0)
Eksisterande barnehage- og skulestruktur med reduserte driftsrammer i ein 10-års-periode. Vurdere verknad for samfunnsutvikling, kvalitet, bemanning, fleksibilitet og driftsrammer.

Scenario 1 (M1)
Endring i barnehage- og skulestruktur som oppfyller krav til reduksjon i driftsrammer. Vurdere verknad for samfunnsutvikling, kvalitet, bemanning, fleksibilitet og driftsrammer.

Scenario 2 (M2)
Størst effektiviseringsgevinst i barnehage- og skulestruktur. Vurdere verknad for samfunnsutvikling, kvalitet, bemanning, fleksibilitet og driftsrammer.


Norconsult har rekna ut at dette gjev ei innsparingar

I Scenario 1 (M1) er det trong for om lag kr. 13 mill. mindre utgifter pr. år samanlikna med ei vidareføring av dagens situasjon. Kr. 8 mill. kjem frå ei meir effektiv bygningsdrift og mindre behov for investeringar i denne moglegheita, skuledrifta står for om lag kr. 5 mill. i reduserte kostnader.

I Scenario 1 (M2) vil kommunen kunne drifte grunnskuletenestene med om lag kr. 19,4 mill. mindre utgifter pr år enn i moglegheit 0. Her bidreg nedtrekk i skuledrifta med nær kr. 10. mill. og nær kr. 9,5 mill. i meir effektiv bygningsdrift kombinert med meir målretta bruk av investeringsmidlane.

Norconsult skriv vidare at truleg vil det og vere eit potensiale for å redusere på delar av elevkostnadane i modellen. Kommunaldirektøren går gjennom dette som ledd i prosessen fram mot utlegging av kommuneplanen sin samfunnsdel.

Framlegg til investeringsprogram er utarbeidd med utgangspunkt i at det må investerast i Florø barneskole og Skram skule (400 elevar). Skulane blir då tilpassa framtidig elevtal, flyttemønster til kommunen og innad i kommunen, samt modernisering av skuleanlegg mest mogeleg tilpassa dagens krav til læringsareal.

Heile kommuneorganisasjonen må tilpasse seg ei framtid med fleire eldre og færre barn. Ei slik omlegging vil krevje at alle tenesteområde bidreg til omstilling – og jobbe for å oppretthalde kvalitet, men bidreg til lågare ressursbruk.  Økonomiplan som er lagt fram til handsaming seier at tenesteområdet grunnskule skal tilpasse seg til rammer som er 31 mill. kr. lågare i 2027 enn i 2024. Som ledd i å sikre bearbeidde vurderingar frå ekstern part har vi samarbeid med Norconsult om arbeid med tilpassing, tiltak og vurdering av alternativ.