Ny dagleg leiar i Florø frivilligsentral er på plassLytt til tekstenStopp avspillingHanne-Cecilie Sande har takka ja til stillinga som dagleg leiar ved Florø frivilligsentral, men går no ut i mammapermisjon. Malisa Hatteberg tek over som vikar, med erfaring frå frivillig arbeid i fleire utviklingsland.Hanne-Cecilie Sande har takka ja til å bli den nye daglege leiaren av Florø frivilligsentral. Hanne-Cecilie har fungert i stillinga sidan i sommar, og kom då frå rolla som frivilligkoordinator inkludering i kulturtenesta. Tidlegare har ho jobberfaring mellom anna som miljøterapeut og frå Fretex. Sande har ein bachelor i folkehelsearbeid, i tillegg til praktisk-pedagogisk utdanning og studie innan grafisk design.Hanne-Cecilie Sande (t.v) har takka ja til stillinga som dagleg leiar av Florø frivilligsentral. Inn kjem Malisa Hatteberg (t.h) som vikar, medan Hanne-Cecilie går ut i mammapermisjon. Kinn kommune Mammapermisjon og vikarHanne Cecilie går no ut i mammapermisjon, og inn kjem Malisa Hatteberg som vikar.Malisa er klar for nye utfordringar i Florø etter å ha tilbrakt nokre år med studiar og jobb i inn- og utland. Mellom anna har ho arbeidd som frivilligkoordinator i halvanna år i fleire utviklingsland. Ho har ein bachelor i utviklingsstudier noko som inneber fagkompetanse innan samfunnsøkonomi, sosialantropologi, politikk og samfunnsgeografi. Tidlegare har Malisa vore tilknytt Bu- og miljøtenesta i Kinn kommune.Frivilligsentralen si rolle i kommunenKinn kommune driftar frivilligsentralar både i Florø og i Måløy. Frivilligsentralane jobbar for å få fleire til å delta i samfunnet ut frå eigne premiss. Som dagleg leiar i frivilligsentralen vil ein mellom anna delta i å avdekke behov og moglegheiter innan både frivilligheita og dei kommunale tenestene, og vil vere eit bindeledd i dette spennande og viktige arbeidsfeltet. Publisert 11.09.2024 07.37 Sist endra 11.09.2024 07.40