Rapporten vart presentert for formannskapet 15. oktober og skal danne grunnlag for det vidare arbeidet med reiseliv kommunen.
Les tolegrenseanalyse for cruise og reiseliv her (PDF, 5 MB)
Tolegrensa ligg på land – ikkje i hamna
Grensa for kor mykje cruise Måløy toler, ligg på land – ikkje i hamna. Og den er ikkje fast: Den flyttar seg når fasilitetar, vegar og lokal verdiskaping følgjer med. Det er eitt av funna i analysen, som Agera har gjennomført i 2026, med brei medverknad frå bygdelag, næringsliv, hamn og operatørar.
Bakteppet er ein vekst få var førebudde på: frå 22 anløp og om lag 32 600 besøkande i 2022 til 63 anløp og venta 140 000 besøkande i 2026.
Hamna toler fleire og større skip. Det som set grensa, er toalett, transport, vegar og flyten av gjestar – og korleis verdiskapinga blir fordelt. Cruise i seg sjølv er akseptert. Det er volumet, samtidstoppane og transportforma folk reagerer på.
Veksten har skapt både utfordringar og moglegheiter
Veksten kom før avtalar og dialogar, noko som skapte reell konflikt. Tiltaka i 2026 blei tvinga fram, men har gjort sesongen betre for mange.
Samtidig har tiltaka skapt ei ny utfordring: Gjestar som blir sendt ut av kommunen, tek både belastninga og verdiskapinga med seg. Delen av utfluktene innanfor Kinn fall frå 77 til 67 prosent frå 2025 til 2026.
Ulike behov i dei fire destinasjonane
Dei fire destinasjonane treng kvar si løysing.
- Måløy sentrum toler mykje og ønskjer meir, men har flaskehalsar knytt til toalett, transport og smale gater.
- Kråkenes har sagt nei til store bussar.
- Refvik handterer cruise godt, bortsett frå på finvêrsdagar når mange besøkande kjem samtidig.
- Våge/Oppedal ønskjer vekst, men berre med betre veg og meir verdiskaping att i bygda.
Felles for alle er at dobbeltanløp og ATV-ar er uønskte, og at involveringa må kome tidleg.
Tidleg dialog og lokale løysingar er viktig
Toleevna aukar når fasilitetane, vegane og den lokale verdiskapinga følgjer med – stad for stad, i open dialog mellom kommunen, hamna, operatørane og lokalsamfunna.