No startar vi utbygging av breiband – og meir vil det bli!

Eit kartutsnitt av Florø-delen av Kinn kommune som syner utbygging i Florø-området, turkis er utbygging gjort med 2021 midlar, raudt er utbygging med 2022 midlar - Klikk for stort bileteBildet syner utbygging i Florø-området, turkis er utbygging gjort med 2021 midlar, raudt er utbygging med 2022 midlar.

I 2021 søkte vi og fekk løyvd midlar til utbygging av breiband på fleire område i Florø og Måløy. No er avtaler inngått, og utbygging skjer snarleg. I tillegg har vi søkt om, og fått tildelt midlar i år også!

No nyttar vi midlane vi fekk tildelt i 2021

I fjor fekk vi løyvd 15.8 millionar kroner til utbygging av breiband. I tillegg kjem midlar som Flora tidlegare har fått. Det vil seie at i denne omgang har vi om lag 18 millionar kroner til føremålet. Dette gjer det mogleg for oss å gjere breiband tilgjengeleg for 612 bustader, 293 fritidseigedomar og 68 næringsverksemder.

Utbygging skjer snarleg

Avtaler med tre tilbydarar er no inngått. Telenor AS, Enivest AS og Nettstar AS har inngått avtale for ulike delar av utbygginga. Framdriftsplan med datoar for dei ulike delane/gruppene kan du sjå her (XLSX, 2 MB).

Vi har fått midlar i 2022 også, kva skjer med dei?

I 2022 vart det også utlyst midlar til utbygging av breiband. Formannskapet vedtok i mai månad at vi skulle søke ein del av potten. Vi har no fått svar frå Vestland fylkeskommune og fått løyvd om lag 10.8 millionar kroner. Det betyr at vi truleg kan realisere breibandsutbygging for alle områda vi har søkt midlar for i 2021 og 2022.

Får vi realisert utbygging for alle områda i 2023, vil ytterlegare 194 bustader, 123 fritidseigedomar og 20 næringsverksemder få tilgang til breiband etter utbygginga er ferdig.

I løpet av januar neste år skal vi utlyse anbod og starte prosessen med å få realisert utbygging på områda som formannskapet vedtok i mai månad.

Florø

Måløy

Steinvik (Høyvika/Seljeseth)

Teigen/Litløysundet/Helgøya

Terdalen

Trettevika/Fanevik

Grønenga

Mækjevika

Bjørnsetvika

Steinavågen

Steindalen/Osen/Svardal

 

Silda

Nygård/Skavøypollen

Evja

Brandthamna

Hagen

 

Vi får realisert utbygging grunna statlege midlar

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) er den statlege tilsyns- og forvaltingsmyndigheita som er ansvarleg for tenester innan post og elektronisk kommunikasjon i Noreg. Nkom er underlagd Kommunal- og distriktsdepartementet. Vestland fylkeskommune delar ut midlar til kommunane på vegner av dei.

Pengane som blir delt ut skal delfinansiere utbygging i område der utbygging ikkje er kommersielt lønsamt, og skal gje hustandar og verksemder som har under 30 Mbit/s betre dekning.

Tilskotet til Kinn kan reduserast dersom tal bustader og næringsbygg er mindre enn den oversikta kommunen sitter med i dag. Nokre områder kan også få endringar i høve til tilskot dersom utbygging vil skje kommersielt, i staden for at kommunen står for utbygginga.