No kan du søke tilskot til sosial utjamning

Frå 2025 kan du kvart halvår søke om midlar til sosial utjamning. Kr 125 000,- blir fordelt per halvår. Frister for å søke er 15. september og 15. februar.

Gå til søknadsskjema for tilskot til sosial utjamning

Føremål med tilskotsordninga

Utjevne sosiale ulikheter og senke terskel for deltaking på fritidsaktiviteter.

Tildeling

Kinn kommune opprettar tilskotsordning på driftsmidlar til frivilligheita. Storleiken på midlane vert bestemt ut frå rammene i kulturbudsjettet til ei kvar tid.

Søknadsfrist

To utlysingar i året, vår og haust. Tilskotet for våren blir lyst ut i januar og søknadsfrist er 15. februar. Tilskotet for hausten blir lyst ut i august og fristen for å søke er 15. september.

Kven kan søke?

Aktivitetstilbydarar som idretten, kulturfrivilligheita og andre frivillige organisasjonar som er registrert i Frivillighetsregisteret og har organisasjonsnummer.

Kva kan ein få tilskot til?

Tilskotet skal gå til drift av jamlege aktivitetar eller til prosjekt. Aktivitetane skal ha fokus på inkludering og lågterskel tilbud for barn og unge vært prioritert.

Vilkår for tildeling

1.      Elektronisk søknadsskjema skal nyttast.

  1. I søknader om driftstilskot skal det opplysast om tal medlemmer. Det skal leggast ved ei enkelt budsjettoversikt.
  2. I søknader om prosjekttilskot skal ei kort prosjektomtale og eit enkelt budsjett leggast ved.

2.       Dersom tildelte midlar til sosial utjamning vert nytta til andre føremål enn det som er    søkt om, kan Kinn kommune krevje beløpet tilbakebetalt.

3.       Det skal opplysast i annonser og liknande at Kinn kommune støttar tiltaket.

Søkarar som fell utanfor ordninga

Søknadsordninga gjeld ikkje søkjarar med eit hovudsakleg kommersielt formål / humanitært eller forkynnande formål / yrkesfagleg formål eller politiske parti. Kommunale eller offentlege eller andre offentlege instansar kan heller ikkje søkje.

Rettleiing

Ved behov kan ein få rettleiing på ordninga av frivilligsentralane.

E-postadresse til frivilligsentralane: