No kan du søke spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet

Spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet er eit viktig verkemiddel for å nå staten sin overordna målsetting om å legge til rette for idrett og fysisk aktivitet for alle. Fristen for å søke er 1. oktober og det søkast i anleggsregisteret.no. Alle anlegg må vere del av ein kommunal, prioritert plan. Frist for å melde inn anlegg det skal søkast til kommunen om er 15. september.

Kva det kan søkast om og kven som kan søke om finn du på lenka nedanfor. Der finn du også informasjon om søknadsprosessen, fristar og gode tips til søknadsskrivinga.

Les meir om spelemidlar her

For å kunne levere ein best mogleg søknad kan du kontakte kommunen. Då får du rettleiing og råd i søknadsprosessen. Ansvarleg for spelemidlar i Kinn kommune er Sander Ødelien, e-post sander.odelien@kinn.kommune.no.