"Nær sagt" - Kva er psykiske helseplager? Kva er ein diagnose?Lytt til tekstenStopp avspilling“Eg hadde så nær sagt....” Har du sagt dette, men ikkje fullført setninga? Har du lurt på noko som vert for nært å seie å høgt? Treng du eit forum der du får informasjon og kan stille spørsmål om det som nær sagt handlar om oss alle, men likevel kan vere litt vanskeleg?I samband med Verdsdagen for psykisk helse vert det open kveld i Operahuset 7. oktober der alle som er nyfikne på kva psykiske helseplager er og kva ein diagnose er, er hjarteleg velkomne. Psykiater og avdelingssjef ved Nordfjord psykiatrisenter Trond F. Aarre vil innleiie og det vert mogeleg å stille spørsmål, både anonymt og direkte frå salen.Tid og stad: Operahuset på Nordfjordeid, 7. oktober, kl. 19.00.Arrangementet er ope og gratis for alle.Påmelding finn du på Operahuset Nordfjord si heimeside. Publisert 25.09.2025 11.00 Sist endra 25.09.2025 11.00