Namneforslag på høyring: Fleirbrukshallen i Eikefjord

Oppvekst- og kulturutvalet vedtok i sak 040/22 å sette i gang prosess med val av namn på fleirbrukshallen i Eikefjord. Det er gjennomført innspelsrunde for namn på hallen.

Følgande namneforslag er no på høyring

  • Eikehallen
  • Eikefjordhallen

Namna som her er foreslått følger prinsipp for namngjeving. Det er primært skrivemåten som no skal på høyring.

Vidare sender administrasjonen høyringsforslaga over til Språkrådet for uttale om skrivemåten, før oppvekst- og kulturutvalet fattar endeleg vedtak om namnet.

Sei di meining innan 16. august 2024

Eventuelle merknader/innspel kan sendast til kommunen på elektronisk høyringsskjema

Du kan også sende oss innspel via 

Frist for innspel er 16.08.2024.

Forslag og vurdering - Fleirbrushallen i Eikefjord (PDF, 90 kB).

Prinsipp for namngjeving 

I tillegg til stadnamnlova, som gjev reglar for korleis namn skal skrivast, finst det namngjevingsprinsipp som er til hjelp i arbeidet. Alle stadnamn, også adressenamn, representerer viktige språklege og kulturelle verdiar. Dei er ein del av det lokale miljøet og den lokale historia, og er med på å styrke folk si kjensle av å høyre til på ein stad. Når nye namn skal vedtakast, må ein ha i tankane at desse skal bli stående i generasjonar framover. Namna er del av det kollektive minnet til menneska som bur der. 

Stadnamnlova gir først og fremst reglar om korleis stadnamn skal skrivast, ikkje om kva namn ein kan og bør velge. Unntaket er § 3  i lova som skal hindre at ein tek i bruk eit stadnamn der det tradisjonelt ikkje høyrer heime, og at eit nedarva stadnamn utan vidare blir bytta ut med eit namn som ikkje har tradisjon på staden. Det finst nokre ulovfesta namngjevingsprinsipp som ein bør legge vekt på når ein skal namnsette til dømes vegar og gater. 

Desse prinsippa gjeld i første rekke adressenamn, men dei same prinsippa vil stort sett kunne gjelde ved namnsetting av andre lokalitetstypar der kommunen har vedtaksmynde til dømes namn på hyttefelt, bustadfelt, kommunale skular, barnehagar, sjukeheimar, kaier, hamner, idrettsanlegg, bruer og vegkryss. 

  1. Namnet skal ikkje kunne forvekslast med andre offisielle stadnamn i kommunen 
  2. Namnet bør bygge på den lokale namnetradisjonen 
  3. Namnet bør passe på staden 
  4. Namna bør vere varierte 
  5. Namnet bør ikkje virke støytande eller komisk 
  6. Namnet bør vere lett å oppfatte, skrive og uttale 
  7. Ein bør unngå å bruke namn på nolevande personar