Møte mellom kommunen og grendelaga 21. maiLytt til tekstenStopp avspillingVi inviterer grendelaga til møte om fiberutbygging, nedklassifisering av kommunale vegar og nye båtruter den 21. mai. Dette blir eit digitalt møte mellom kommunen og grendelaga. Lenke for å delta på møtet er sendt til grendelaga på e-post.Tid: 19.00 - 21.00Stad: Digitalt møte på TeamsAgenda for møtetBreibandutbygginga.Nedklassifisering av kommunale vegar.Nye båtruter og dialog med Skyss.Har ikkje ditt grendelag mottatt invitasjonen? Ta kontakt med Margit Drivenes Kløvfjell. Publisert av Henrik Ulriksen Publisert 18.05.2024 10.21 Sist endra 06.05.2024 10.21