Møte i kommunestyret tysdag 23. september

Kommunestyret har digitalt møte 23. september frå kl. 9.00 – 13.00. Her får du ei oppsummering av aktuelle saker, og lenke til direktesendinga.

Tilstandsrapport for barnevern i 2024

Det er lovfesta at kommunen skal minst ein gang i året få ei orientering og tilstanden i barnevernstenesta. Orienteringa har allereie blitt gitt til fleire politiske utval i forkant av kommunestyremøte.

Rapporten skal bidra til auka merksemd i høve kva som er godt barnevern, kunnskap om barneverntenesta sin kapasitet, oppfylling av tidsfristar, ressursbruk og samarbeid med andre instansar. Tilstandsrapporten er såleis eit verktøy som sikrar kommunen si styring og systematiske kontroll med at barneverntenesta utfører arbeidet slik at barn og familiar får den hjelpa dei har behov for.

Tilstandsrapporten finn du i møteplanen til kommunestyret.

Handlingsplan mot vald i nære relasjonar er revidert

Vi har hatt handlingsplan mot vald i nære relasjonar i mange år. Føremålet med planen er at innsatsen på området vald og overgrep skal sikre eit hjelpetilbod som er kunnskapsbasert og tverrfagleg samordna. Planen er no revidert grunna ein ny nasjonal opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn i nære relasjonar. Kommunestyret får ei orientering om den reviderte planen.

Her kan du lese meir om handlingsplanen og om kva du kan gjere om du mistenker at nokon ikkje har det bra i heimen.

Skuleruta for 2026-2027 (skule-, ferie- og fridagar)

Kommunestyret skal vedta eiga forskrift om skuledagar, ferie- og fridagar for skuleåret 2026-2027. I etterkant av vedtaket vil du finne denne oversikta på heimesida vår.

Slutthandsaming av reguleringsplan for hydrogenanlegg på Gaddholmen

Norconsult Norge AS har på vegner av HyFuel AS utarbeidd framlegg til detaljregulering for Gaddholmen, som opnar for bygging av hydrogenproduksjonsanlegg. Anlegget skal produsere hydrogen til bruk i maritim sektor, industri og transport. Planframlegget er utarbeidd med to alternativ, der plan- og miljøutvalet allereie har vedtatt alternativ 2. Kommunestyret skal no ta endeleg stilling til planen i møtet.

TV-aksjonen 2025

NRK sin TV-aksjon 2025 er tildelt Atlas-alliansen, som gir hjelp til menneske med nedsett funksjonsevne i land som er råka av krig, kriser og fattigdom. Aksjonsdagen er 19. september, og kommunestyret skal avgjere om kommunen skal bidra til aksjonen med kr. 1 per innbyggar.

Fullstendig sakliste og lenke til direktesending