Utdrag frå interpellasjonen:
«At det er behov for eit magasin er fullt ut forståeleg, men eit nytt Kystmuseum i Angedalen er vanskelegare å svelge. Dette nye bygget til 106 millonar står altså før på lista enn opprusting og utvikling av museet i Florø. Det skal også ha ei rekke funksjonar som bør utviklast på hovudmuseet.
Ordførar, Kystmuseet i Sogn og Fjordane ligg i Florø og slik bør det vere også framtida.Vi som bur og lever på Kysten har eit ansvar og ei plikt til å være formidlarar av vår eigen kultur. Løysinga for nytt magasin er i ferd med å marginalisere Kystmuseet. Dette kan vi ikkje tillate!
Som vertskommune forventer vi at Kystmuseet i Florø er det viktigaste kulturbygget både materielt og immaterielt når det kjem til kystkultur. Tilretteleggingsfunksjonar må knyttast opp til lokaliteten i Florø og må sjåast i samanheng med ei sårt tiltrengt opprusting av det gamle bygget.»