Mogleg streik frå onsdag 28. mai

Kinn kommune kan frå onsdag av bli råka av streik. Fagforbundet har varsla at 82 personar kan bli tatt ut i streik dersom forhandlingspartane ikkje vert einige innan fristen, som er tysdag ved midnatt.

Totalt 82 tilsette kan bli tatt ut i streik frå ulike sektorar som t.d. teknisk drift, informasjon og service, anskaffing, reinhald og barnehagar. Fordelinga er 55 personar i Florø og 27 i Måløy. Dersom streiken blir eit faktum, kan det over tid takast ut fleire i streik.

For innbyggarane sine del er det i hovudsak på servicetorg, reinhald og teknisk drift ein vil merke forfallet av tilsette dersom streiken inntreffer.

Tenesteleiarane planlegg for streik

Fredag førre veke var tenesteleiarane i Kinn samla for å bli informert om mogleg streik frå onsdag 28. mai. Dei vurderer no korleis ein eventuelt kan disponere ressursar i sine tenester for å handtere streiken på best mogleg måte. Tilsette som vert råka av streiken har blitt informert av sin tenesteleiar.

Meir informasjon kjem

Onsdag kjem vi med meir informasjon dersom streiken vert iverksett.