Moderne og nye planar gir rom for utvikling

Medverknad frå innbyggarar og næringsliv fungerer godt når vi lager moderne og framtidsretta planar. Det har spesielt vist seg i høyringsperioden til kommuneplanen sin arealdel (KPA) der vi har mottatt over 500 innspel.

Eitt av måla med å legge planar ut på høyring er å legge til rette for eit potensiale som er tilpassa lokalsamfunna. Du får meine noko sjølv, om korleis området rundt heimen din skal utvikle seg. Sjølv om høyringsinnspel ikkje er ein garanti for at merknaden eller innspelet blir tatt til følgje, er han likevel med på å forme planen.

Med ny arealplan blir det lettare å bygge fritidsbustader i distrikta

Med ny arealplan i Florø og Måløy er det større potensiale for utbygging av bustader og fritidsbustader i distrikta. Sjølv om det ligg mykje potensiale i planen, er det fortsatt opp til utbyggarar å finne ut korleis innfri potensialet, og å lage gode reguleringsplanar for korleis utnytte areala.

I Måløy er det til dømes lagt til rette for 100 potensielle bueiningar i Okshola, og 45 på Kongshaug. Tidlegare har det berre vore mogleg med 133 bueiningar i Måløy med gammalt planverk. Totalt har dette talet auka til 240 i det nye forslaget til kommuneplanen sin arealdel.

I Florø-området er det lagt til rette for om lag 132 nye bueiningar i distrikta, og om lag 18 nye felt for potensiell næringsverksemd.

Eksisterande planar gir også potensiale for vekst

Tala for bueiningar nedanfor er basert på tomtestorleik og areal, og dei er eit estimat på kva som er mogleg. Tala kan variere dersom ein tar omsyn til terreng og plassering.

  • Kommunedelplan Eikefjord 2014 – 2018, 300 bustadeiningar
  • Kommunedelplan for Florelandet Brandsøy 2006 – 2018, 1000 bustadeiningar
  • Kommunedelplan for Florø sentrum 2012 – 2016, 1000 bustadeiningar
  • Kommuneplanens arealdel 2023 – 2033, 240 bustadeiningar

Med dei eksisterande planane, og dersom kommuneplanen sin arealdel vert vedtatt slik den ser ut i dag, er det totale estimatet for nye bueiningar 2540.

Administrasjonen jobbar med innkomne innspel til kommuneplanen sin arealdel

Etter den opphavlege høyringsrunda har vi motteke i overkant av 500 merknadar frå offentlege og private organisasjonar, i tillegg til merknader frå privatpersonar. Dette arbeidet tar mykje av administrasjonen sine ressursar fram til kommuneplanen er ferdig handsama av politikarane.

Når kommuneplanen vert lagt fram for politisk handsaming, vil alle innkomne merknadar følgje saka som ein tabell. Der vil du også kunne sjå administrasjonen sine vurderingar i handsaminga av merknadane. Det er i denne oversikta du vil finne administrasjonen sitt svar til din merknad.

Vil du lære meir om kommuneplanen sin arealdel?

I fjor laga vi ein podcast med Rolf Bjarne, Martin og Janicke der vi går nærare inn på kva ein kommuneplan er for noko. Den finn du på YouTube nedanfor. I den følgande lenka finn du også ei orientering gitt til planutvalet i slutten av februar i år. Her fortel Janicke Svendal om framdrifta på kommuneplanen sin arealdel (39 min ut i sendinga).