Mistanke om funn av hamnespy i Florø

Undervassbilde av hamnespy - Klikk for stort bilete

Nyleg vart det funne DNA-spor etter hamnespy (japansk sjøpung) i vassprøver teke i hamna i Florø. Kystverket har no filma havbotnen i hamna, og har teke bilete av det som mest truleg er hamnespy.

Kva er hamnespy?

Hamnespy er ein art som kjem frå Japan. Den høyrer ikkje heime i Norge, men ser ut til å trivast her. Arten utgjer ein stor økologisk risiko då den veks utover og oppå andre arter og tek over leveområda deira. Dette kan i verste fall medføre store endringar for livet i fjordane våre. Hamnespy vert spreidd med båtar.

Arbeidet vidare

Kystverket planlegg utdjuping av farleia vest av Florø og hamna inn til Westcon. I samband med dette har konsulentselskapet Rambøll utført undersøkingar for Kystverket for å kartlegge sjøbotnen i detalj, mellom anna med undervasskamera. Etter at det vart funne DNA-spor frå hamnespy i vassprøver frå Florø, gjekk Kystverket og deira konsulentar igjennom film-materialet på nytt. Då fann dei det som mest truleg er hamnespy. Då bileta har dårleg oppløysing vil dei gjere nye undersøkingar i juni for å stadfeste desse funna.

Statsforvaltaren har det overordna ureiningsansvaret for mudring i farleia og har sett som vilkår til Kystverket om at dersom det vert funne hamnespy i eit område som skal mudrast, så skal all aktivitet stogge. Det pågår eit større arbeid nasjonalt for å vurdere kva tiltak ein skal gjere for å hindre eller avgrense vidare spreiing av denne organismen. Kinn kommune føl utviklinga tett og har dialog med dei nasjonale aktørane.