«Menn i helse» skal bidra til å rekruttere fleire helsefagarbeidarar til kommunesektoren – og no er vi på leit etter nye deltakarar til kull 2025Lytt til tekstenStopp avspillingVi søker no etter vaksne arbeidssøkande menn som vil få tilbod om ein unik moglegheit til å ta fagbrev som helsefagarbeidar gjennom «Menn i helse». Motivasjon er viktigare enn alder, du kan vere alt frå tidleg i 20-åra til godt over 50. Under utdanninga vekslar du mellom ytingar frå Nav og lønn frå kommunen.Påmelding til informasjonsmøteTa sjansen på å bli med på eit uforpliktande informasjonsmøte der det vert gitt informasjon om utdanninga, økonomi og jobbmoglegheitene. Helserekruttar frå tidlegare kull er også til stades og deler sine erfaringar og anbefalingar.Tid og stad: 21. januar kl. 14.00-15.30. Flora vgs. Professor Gjelsvikveg 6906 Florø.Med deg på her!Her vil det bli orientert om Menn i helse, utdanninga og jobbmoglegheitene. Nokre veker etter møtet blir det gjennomført intervju. Etter intervjuet vil eigna og motiverte kandidatar få tilbod om ein 12-vekers rettleidd praksisperiode som helserekrutt på sjukeheim eller liknande. Deretter er det sommarjobb og vidare utdanningsløp fram mot fagbrev som helsefagarbeidar.Er du vår neste mann? Grip moglegheita! Har du spørsmål om Menn i helse?Kjenner du nokon som fortener moglegheita? Tips dei om Menn i helse!Ta kontakt med fylkeskoordinator: Øystein JohannessenTelefon: 908 34 919E-post: Oystein@mennihelse.no Publisert 02.01.2025 09.38 Sist endra 02.01.2025 09.38