Mange kjekke aktivitetar i vinterferien!Lytt til tekstenStopp avspillingVinterferien er her, og det skjer mykje kjekt i kommunen. Du får god oversikt i Friskus sin aktivitetskalender, og hugs at lag, organisasjonar og andre kan registrere seg og legge ut sine arrangement der - heilt gratis!Her kan du registrere deg som arrangør og legge ut arrangement.BUA – låne skiutstyr i vinterferienBUA i Kinn tilbyr utlån av utstyr, og det er framleis mykje vinterutstyr tilgjengeleg for deg som vil nyte finvêret. I vinterferien held BUA ope måndag og torsdag frå kl. 14.00 til 16.00.Gå til BUA FlorøGå til BUA MåløyAktivitetar for barn og familiarKystmuseet byr på eit spanande opplegg for barn og barnefamiliar heile vinterferien – og det er gratis for barn!Anna program i vinterferienSoldalen besøksgård inviterer til gardsuke som alternativ til SFOFrelsesarmeen inviterer til strikketreff 18. februarFlorau40 inviterer til bakst og barnevogn 19. februar.Vågsøy folkebibliotek arrangerer foredrag med Arill Riise om boka "Der ingen var einsam – Klyngetunet som vart utsletta" den 20. februar.For fleire aktivitetar og oppdatert informasjon, besøk Friskus sin aktivitetskalender og finn noko som passar for deg og dine i vinterferien! Vi vil også oppmode om å laste ned CIVIS innbyggarapp - her får du aktivitetskalenderen innebygd i appen! Publisert 17.02.2025 10.04 Sist endra 17.02.2025 10.04