Måndag 26. mai skiftar CIVIS namn til Friskus kommuneLytt til tekstenStopp avspillingDen 26. mai bytar innbyggarapplikasjonen vår (CIVIS) namn til Friskus kommune. Appen vil fungere på same måte som i dag, men han får ny logo og nye fargar.Nye eigarar førar til nye endringarVossabedrifta Friskus har teke over ansvaret for innbyggarappen Civis. I samband med dette vil appen få nytt namn, «Friskus kommune», frå og med 26. mai 2025. – Me gjer ein lokal omvending og byter ut latin med vossamål. Ein «friskus» er ein sprek og uredd person med mykje frisk energi og det er akkurat slik me ønskjer å jobba vidare med appen, fortel dagleg leiar i Friskus, Sigrid Nedkvitne.Ho understrekar at appen vil fungera akkurat som før. - Me ønskjer at appen skal halde fram med å vere staden for enkel tilgang på nødvendig informasjon «rett i lomma», uavhengig av bakgrunn og alder. Det vil ikkje endrast, avsluttar Nedkvitne.Kva betyr dette for deg?Det er ikkje endring i funksjonalitetAlle funksjonar og tenester vil vere på same stad som du vanlegvis finn dei.Appen får ny logo og fargarAppen vil få ny logo og nye fargar som representerer endringa.Du må oppdatere appenEtter 26. mai må du oppdatera appen til den nyaste versjonen for at endringa skal trå i kraft.Slik oppdaterer du appenOpna App Store eller Google PlaySøk etter Friskus.Trykk på Oppdater for å installera siste versjon.Friskus - aktivitetskalender og innbyggarapp i eittKinn kommune brukar både Friskus sin aktivitetskalender og innbyggarapplikasjon. Desse to tinga fungerer utruleg godt i lag, og om du lastar ned innbyggarappen får du rask tilgang til kommunen sine digitale tenester, nyhende og sjølvsagt aktivitetskalenderen som viser deg kva som skjer i kommunen. Vi har berre fått positive tilbakemeldingar frå innbyggarar som brukar begge delar. Vi oppmodar om å laste ned Friskus kommune, og bruke aktivitetskalenderen flittig! Publisert 13.05.2025 12.51 Sist endra 16.05.2025 08.50