Måløy sentralkjøkken hadde i dag sin første middagslevering

Måløy sentralkjøkken har i dag hatt sin første middagslevering til kundane. Ragnhild Tytingvåg og Vivian Dorte Myre Gjesdal er dei to nøgde kokkane som gjennomførte første leveranse.

Frå no av blir det levert varm middag på alle kvardagar til kundane. Bordgleder vil halde fram med å levere middagar i helger og høgtider. 

Dei to dyktige kokkane Vivian og Ragnhild er klare for å levere fram til dagleg leiar Ognjen Jevtic starter den 3. juni.