Lokal vidareutdanning for tilsette i omsorgstenesta

I Kinn kommune ønskjer vi at alle våre fast tilsette skal ha god kompetanse, og yte kvalitet til pasientar og brukarar som mottar tenester frå oss. Difor har vi mål om å legge til rette for at tilsette kan ta vidareutdanning lokalt.

Målet med å legge til rette for vidareutdanning lokalt er å bidra til å styrke kompetansen i omsorgstenesta, og legge til rette for ei berekraftig omsorgsteneste.

Vi startar med utdanning i Positiv adferdsstøtte

Vi skal starte klasse med Positiv adferdstøtte (PAS) 30 studiepoeng, lokalt i Florø og Måløy. Kinn kommune har i samarbeid med Studiesenter kysten og Tirna (tidl. AOF) fått til lokal vidareutdanning PAS.

Studiet vil starte opp hausten 2025​, og avsluttast våren 2026. Studiet vert lagt opp slik at det blir 3 fysiske dagar i Florø per semester, totalt 6 dagar for heile studiet. I tillegg vert det digital undervisning på 4 timar, ein ettermiddag i veka gjennom heile studiet.

Det blir lagt til rette for fysiske samlingsstadar for digital undervisning med ein lokasjon i Florø og ein lokasjon i Måløy.

Mange tilsette har meldt interesse

Den 6. mai var Tirna på besøk i Kinn, og hadde informasjonsmøte for tilsette som er interessert i å ta vidareutdanninga lokalt. Mange deltok på informasjonsmøtet.

Det er stor interesse for å ta utdanning lokalt på denne måten, sidan studiet er satt saman slik at ein kan halde fram å jobbe i 100 % stilling i løpet av studiet.

Tilsette i Kinn har etterlyst denne utdanninga og mange har allereie meldt si interesse.