Leseglede blant elevane i Kinn!

I dag vart det loddtrekking, premieutdeling og quizfinale i Florø kulturhus for elevar i 1. til 7. klasse som deltek i KinnLes! Om lag 100 leseivrige elevar møttast for å delta på arrangementet.

I snitt har alle elevane lest 26,5 timar, noko som tilsvarer ein time kvar dag sidan konkurransen starta. Elevane ved Torvmyrane skule er dei som vann 1. premien med over 35 timar lesetid i snitt. 

Det var også to quizfinalar. Ein for elevane i 1. til 4. klasse, og ein for elevane i 5. til 7. klasse. Etter fleire spørsmålsrunder vann Raudeberg skule premien for 1. - til 4. klasse, og Skram skole vann prisen for elevar i 5. - 7. klasse. Vi gratulerer så mykje til alle våre flinke elevar som har gjort ein fantastisk innsats gjennom heile perioden!