Kystverket starter med utdjuping av innseglinga til Florø frå 1. juni

1. juni byrjar Kystverket å utdjupe innseglinga til Florø. Ein reknar med å vere ferdig innan 15. desember 2024. Målet er å betre framkomsten for offshoreriggane og redusere risikoen for ulykker som kan føre til tap av liv, materiell skade og oljeutslepp.

I samband med dette vil det vere støyande arbeid og ristingar under mudre-, bore- og sprengingsarbeidet. Det vil også vere redusert framkomelegheit i leia, og Kystverket ber om at alle sjøfarande i området er ekstra merksam på dette og viser omsyn i leia.

Om du ønsker å få gratis sprengingsvarsel på SMS i forkant av sprengingane i innseglinga til Florø, kan du abonnere på dette ved å sende ein SMS med teksten "FLORØ" til 41 71 61 00. For å melde deg ut sender du "FLORØ STOPP" til 41 71 61 00.

For meir informasjon kring arbeidet kan du besøke heimesida til Kystverket.

Eit kartutsnitt som syner områda utanfor Florø som skal utdjupast av Kystverket - Klikk for stort bileteArbeidet går føre seg på dei raude felta i kartet Kystverket