Kystpilegrimsleia – ei historisk reise til havs og til lands

Vi feirar Kystpilegrimsleia med avduking av nytt skilt som viser veg for pilegrimar og turistar. Kystpilegrimsleia, ein del av det nasjonale nettverket av St. Olavsvegane til Trondheim, bidrar til verdiskaping og positiv utvikling langs leia, og er inkluderande for menneske med ulik tru, kultur og tradisjon.

Offisiell avduking av nytt skilt på Florø Hamn

Ein stolt ordførar har i dag avduka det nye skiltet på Florø Hamn som vil vere ein veivisar for pilegrimar og turistar, og som markerer det fantastiske arbeidet som er lagt ned for å fremje Kystpilegrimsleia her i Kinn.

-Dette er eit av våre fremste kulturminne langs kysten, og er heilt sentrale delar av kulturhistoria vår, seier ordførar Bengt Solheim-Olsen.

Eit informasjonsskilt om Kystpilegrimsreisa på Florø Hamn - Klikk for stort bilete

To nøkkelstader i ruta ligg i Kinn

Ruta omfattar 25 nøkkelstader der 2 av dei ligg i Kinn. Svanøy hovudgard og Kinn kyrkje, samt Gulatinget, Kvernsteinsparken i Hyllestad og Selja kloster ligg nært til oss. Desse stadene er viktige stoppestader for pilegrimar på veg til Trondheim.

Frå Kinn til Trondheim

Til alle tider har pilegrimar reist langs kysten. Kystpilegrimsleia blei offisielt godkjend som St. Olavsveg i 2017. Ruta startar i Egersund og endar ved Nidarosdomen i Trondheim, med Florø strategisk plassert midt i smørauget med tilgang til nøkkelstader som Svanøy hovudgard og Kinn kyrkje.

Eit breitt tverrfagleg samarbeid

Arbeidet med Kystpilegrimsleia er forankra i fire pilarar: kyrkje, kultur, næring og miljø. Dette er eit samarbeid mellom kommunar, fylkeskommunar, kyrkjelydar, reiselivs- og næringsaktørar, frivillige organisasjonar, grunneigarar og kulturinstitusjonar i regionen. Lokalt i Kinn er det oppretta ei ressursgruppe leia av Knut Magne Nesse, med deltaking frå tur- og historielag, samt representantar frå reiseliv, kultur og kyrkje.