Kven fortener Kinn kommune sin arbeidsmiljøpris i 2025?

Ved siste kommunestyremøte i 2025 skal det delast ut arbeidsmiljøpris.  Alle tilsette og folkevalde i Kinn kommune kan kome med framlegg til kandidatar.

Føremålet med prisen er å inspirere leiarar og tilsette til å fremme positive prosessar og tiltak for best mogleg arbeidsmiljø i kommunen. Prisen kan tildelast ein enkeltperson, fleire personar eller avdeling/teneste.

Alle tilsette og folkevalde kan kome med framlegg til kandidatar. Sittande medlemmar av arbeidsmiljøutvalet, både frå arbeidstakar- og arbeidsgjevarsida kan ikkje kome med framlegg.

Alle nominasjonar må vere sendt til personalavdelinga innan 23. november 2025.

Send din nominasjon via dette skjemaet

Om arbeidsmiljøprisen

Prisen er på kr. 20 000,- og eit diplom. Den vert å nytte til velferdstiltak som kommer heile avdelinga/tenesta til gode. 

Kriteriar for tildeling kan vere ein eller fleire av følgjande tiltak/arbeid:

  1. Tiltak som er med på å skape eit godt og trygt arbeidsmiljø
  2. Tiltak som bidrar til auka motivasjon, entusiasme og godt humør
  3. Tiltak som hjelper til med å redusere belastningslidingar og til ei positiv utvikling på fråværet, redusering av farleg arbeid og liknande etter prinsippet ”føre var”
  4. Igangsetting og gjennomføring av ulike prosessar, til dømes måten endrings- og omstillingsarbeid blir organisert og utført på
  5. Systematikk i utviklinga av HMT-arbeidet