Kva vil vi med kunst i det offentlege rom, i grunn?

Nærbilde av statua Sildeguten i Florø, med hamna og båtar i bakgrunnen. - Klikk for stort bileteSildeguten Av Nina Nesje (2010)

Det som sparka i gang debatten for fleire månader sidan var ei usemje om nokre skulpturar i kyrkjeparken i Florø. 1. desember arrangerte vi, Firdaposten og Vesle Kinn arrangement om kunst i det offentlege rom for å diskutere spørsmålet i overskrifta.

Skal vi tru oppmøte og tal følgarar på direktesending frå Vesle Kinn er det i alle fall stor interesse for spørsmålet. Direktesendinga gjekk via Firdaposten og Fjordenes Tidende. Totalt følgte 418 personar sendinga, medan det i lokalet var om lag 50 innbyggarar som ville delta og følgje debatten. I etterkant har om lag 634 personar også sett opptaket frå samlinga.

Sjå opptak frå møte på Vesle Kinn her

Kunst vi betalar for i lag

Det er sagt i våre eigne retningsliner at 0,5 til 1 prosent av totalenterprisekostnad av byggeprosjekt kommunen går i gang med skal gå til kunst. I eit prosjekt som t.d. nytt institusjonsbygg, med ein prislapp på rundt 600 millionar kroner, skal om lag 6 millionar gå til kunst. Det er mykje pengar.

Men, kven bestemmer?

Kven skal bestemme kva kunst vi skal ha? Kor bør avgjersla ligge? Slike spørsmål låg i botn av diskusjonen på Vesle Kinn førre torsdag.

Mange innspel gjekk ut på at det er naudsynt med kunstfagleg kompetanse. Utan at det nødvendigvis blei definert kva kunstfagleg kompetanse inneber. Men det var brei semje om at det bør ligge noko form for kompetanse innan kunstfaget i grunn. Kunsten skal tross alt vere i det offentlege rom – der vi alle ferdast.

Ulike forslag vart løfta frå engasjerte deltakarar. Eitt forslag var til dømes å opprette ei rådgjevingsgruppe satt saman av gjengse innbyggarar. Kanskje det er ein god idé?

Ulike perspektiv

Kunsten skal utsmykke fellesarenaer vi alle ferdast. Vi kommer til å sjå den anten vi vil eller ei. Skal den vere kontroversiell, skal den vere «uskyldig»? Det er kanskje ein vanskeleg balansegang. For vi snakkar i grunn om «kva er kunst?». Det som har openbert seg er i alle fall at vi engasjerer oss for det. Og kanskje det er heile poenget i seg sjølv?

Eit første møte utan konklusjonar

Det blei ikkje landa konklusjonar i møtet. Men innspela frå våre medborgarar var gode og gjennomtenkte. Innspel som både administrasjon og politikarar kan reflektere over i vidare arbeid. Vi skal i alle fall halde tråden i det, og vi inviterer til fleire slike møter den kommande tida.

Her kan du sjå ei oversikt over kunst, arkitektur, og andre attraksjonar i Kinn kommune